Ein mann har torsdag vore i avhøyr hos politiet, etter at eit bustadhus vart totalskadd onsdag kveld.

- Vi pågreip ein person. Han er no sikta for brot på brann- og eksplosjonsvernlova, seier politiadvokat Mathias Häber til Smp.no.

Mannen er sikta for brot på paragraf fem i lova, som omhandlar plikt til å førebygge og avgrense skadeverknadene ved brann, eksplosjon og anna ulukke.

- Vi meiner det er rimeleg grunn til mistanke, seier Häber. - Mannen er no blitt dimittert etter avhøyr, seier politiadvokaten torsdag ettermiddag.

Tekniske undersøkingar

På brannstaden kunne det sjå ut som at det hadde vore eit bål på nedsida av huset, og at dette spreidde seg til sjølve bygget. Dei tekniske undersøkingane er ikkje avslutta.

- Det er gjort tekniske undersøkingar i dag, og det blir også gjort undersøkingar i morgon, seier kriminalteknikar Reidar Kulø til Smp.no torsdag.