Oppdatering: Etter å ha venta på høgvatn, kom MS «Kvitbjørn» seg endeleg av skjæret klokka 21.45 søndag kveld. Då var det skipper Jan Einar Saunes og slepebåten «Hugin» frå Ulsteinvik som fekk skipet av skjæret.

- Eg såg på tidevatntabellen at vatnet var høgare og eg var berre framme med baugen og skubba litt, så var skipet laus, forteller han til smp.no. Operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Per Åge Ferstad fortalde til smp.no at Kystverket og Boa Heimdal også var der då skipet kom laus.

Like før klokka ni søndag morgon gjekk Bernt Aage Ulstein ut på verandaen sin. Der møtte han eit uvanleg syn.

- Vi hadde nettopp stått opp og gjekk ut på verandaen, og der kom det jammen ein stor båt styrande rett mot huset. Eg tenkte at det der kom aldri til å gå bra, og det gjorde det heller ikkje. Båten gjekk rett på skjæret, fortel Ulstein.

Det er skipet MS «Kvitbjørn» frå reiarlaget NorLines som har gått på grunn.

Ifølgje Ulstein var det ein slepebåt på staden, men den lukkast ikkje med oppgåva si.

MS «Kvitbjørn» står framleis på grunn på skjæret Skeidskråka i Ulstein.

Ikkje promille

Klokka 13.40 kan operasjonsleiar Ole Bjørn Harang fortelje at politiet har vore om bord på MS «Kvitbjørn». Der er det gjort promillkontroll av aktuelle personar.

- Vi har vore om bord og gjort ein rutinemessig promillekontroll av mellom anna ansvarshavande på brua. Ingen promille er konstatert, seier han.

Ingen miljøutslepp

Når eit skip går på grunn er det alltid fare for lekkasje og utslepp, men i følgje Harang har det førebels ikkje vore lekkasje frå skipet.

- Når det gjeld forureining og sjøfartsforhold har kystverket eit overordna ansvar, men det eg kan seie i den saken er at bergingssaka går sin gong, der rederiet med fleire arbeidet med å få skipet av grunn. Det er også fagpersonar inne som skal kvalitetssikre arbeidet, og det har vi stor tiltru til at vil verte ivaretatt  på ein god og forsvarleg måte, seier operasjonsleiaren ved Sunnmøre politidistrikt.

Ingen skada

Ingen vart skada då skipet grunnstøytte. Det er 15 personar om bord.

Fartøyet er eit containerskip og er 120 meter langt og 20 meter breitt. MS «Kvitbjørn» er registrert på Færøyene.

Hovedredningssentralen Sør-Norge stadfester at RS «Emmy Dyvi» vil assistere skipet. Ifølgje Hovedredningssentralen skal skipet stå godt på skjæret.

Ute av kurs

MS «Kvitbjørn» ser ut til å ha vore kraftig ute av kurs då den grunnstøytte. Det kan ha vore på grunn av teknisk svikt.

- Korleis dette kan skje med eit så flott og nytt fartøy med sikkert det beste navigasjonsutstyret om bord, det veit vi ikkje, men det er noko sjøfartsdirektoratet vil jobbe vidare med å finne ut. Det kan ha vore ein rein teknisk svikt, men det er ting som vi må kome tilbake til, seier Harang.

- Forferdeleg trist

Konserndirektør i Det stavangerske dampskibsselskap, Ingvald Løyning synast det er trist at dette skal skje med eit flunkende nytt skip.

- Det er forferdeleg trist. Skipet er heilt nytt og blei sette inn i rute for to månadar sidan. Noko som gjer det enda meir problematisk er at skipet var fullasta og på veg til Nord-Norge, seier han til smp.no. Han legg til at eitt nytt skip er på veg for å plukke opp lasta, men er usikker på når det kjem fram. Løyning meiner det blir eit paradoks at det skal gå gale når dei har ei så stor satsing.

- No er søsterskipet på veg frå Kina og vi har satsa stort på moderne og miljøvennlege båtar. Då er det synd at det skal gå gale, men samstundes er det slik i denne bransjen. Det kan gå gale og denne gongen gjorde det det, seier han. Løyning er ikkje sikker på kvifor det gjekk gale, men seier at tanken no i første omgong er at det skal dreie seg om ein teknisk svikt. No er planen å vente til det blir høgvatn og prøve å få skipet laus då, omlag 21.30 når tidevatnet vil vere på det høgste.

Foto: Bernt Aage Ulstein
MS «Kvitbjørn» var ute av kurs då den grunnstøtte. Her er ferda markert med grønt. Skjermdump frå www.marinetraffic.com