Det var mot ei bueining for tunge rusmisbrukarar i Volda at politiet aksjonerte etter ein bombetrussel fredag kveld. Politiet hadde fått ein trussel retta mot ein konkret person.

Same bustad skapte mykje protestar frå naboane før den vart satt opp i fjor. Under aksjonen fredag vart naboane evakuerte frå området.

– Vi har bede dei ansvarlege for bustaden om å ta kontakt med naboane for å beklage det som skjedde, seier ordførar i Volda, Arild Iversen.

Vil vurdere midlertidige tiltak

Han har mottatt eit brev frå ein av naboane til bustaden, som krev at bueininga må opphøyra umiddelbart.

– Kva tiltak kan det vere?

– Det må vi nesten kome tilbake til.

Kjent for politiet

Vikarierande lensmann i Ørsta og Volda, Grete Hjelle, seier at det er kjente personar for politiet som bur i eininga.

– Vi er innom der ganske regelmessig, seier ho.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ho fortel at det siste halvåret har det vore ein del urolegheiter mellom dei som bur der, men at det gjeld interne konfliktar mellom bebuarane.

Tek situasjonen på alvor

Ordførar Arild Iversen hugsar protestane rundt oppsettinga av bueininga i fjor, men seier kommunen hadde lite val i plasseringa.

– Før leigde vi bustader av helseforetaket, men den avtalen var oppsagt. Vi hamna derfor i ein tvangssituasjon der vi måtte finne nye bustader fort, og då måtte vi bruke eit areal som vi sjølv eigde. Det var ikkje noko anna alternativ som vart presentert. Det er viktig å hugse at dette gjeld brukarar som har krav på tenester frå kommunen, forklarer han.

Bueininga er satt opp med dispensasjon frå fylkesmannen, som går ut i løpet av 2016. Då må kommunen ha funne ei anna ordning.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Kjem de til å leite etter ein ny plass til eininga no?

– Det er i kommunen sine godkjente planer å finne ei framtidig og meir egna plassering, men vi må sjå kor fort vi får det til.

Iversen seier at kommunen tek situasjonen på alvor, og at det er viktig å ta omsyn til både naboane og brukarane.