Det viser ei innbyggjarundersøking gjennomført av Sentio, på oppdrag frå Volda kommune og Ørsta kommune.

Til saman 1200 innbyggjarar over 15 år har fått spørsmål om kva dei meiner.

Fleirtal i Volda

56 prosent av dei spurte i Volda vil ha kommunesamanslåing, medan talet for Ørsta er 48 prosent.

34 prosent av voldingane vil ha det som i dag. I Ørsta er motstanden mot samanslåing noko større: 41 prosent meiner det er best med Ørsta som eigen kommune.

Ordførar Arild Iversen i Volda og ordførar Rune Hovde i Ørsta presentere resultat av undersøkinga onsdag. Det klaraste svaret kommunane har fått, er at Ørsta og Volda er einaste alternativ for ei eventuell samanslåing.

- Dette oppfattar vi ikkje som det endelege svaret. Spørsmåla kan utvikle seg, slik at det kan bli naturleg å sjå på andre kommunar seinare, seier Arild Iversen.

Dette er også Rune Hovde tydeleg på:

- Nær halvparten seier ja til samanslåing i Ørsta, men vi må halde fram med å utgreie vidare kva samanslåing vil bety for våre innbyggjarar, seier han.

Sikkert fleirtal i Volda

Nær halvparten av dei spurte i Ørsta meiner altså at kommunen bør slåast saman med ein eller fleire kommunar, men fire av ti meiner kommunestrukturen bør vere som i dag. Tendensen er likevel ikkje eintydig nok til å konkludere med eit sikkert fleirtal for kommunesamanslåing, oppsummerer Sentio.

I Volda meiner 56 prosent av dei spurte at Volda bør slå seg saman med ein eller fleire nabokommunar. Dette er indikasjon på eit sikkert fleirtal.

Sentio merkar seg også at motstanden mot samanslåing i Volda er betydeleg større blant dei under 30 enn blant eldre.

Ikkje viktig

Sentio har også spurt 600 innbyggjarar i Ørsta og 600 i Volda om kor viktig kommunereforma er for dei.

I Ørsta meiner 15 prosent at spørsmålet om kommunesamanslåing er viktig. Like mange meiner det ikkje er viktig. Tilsvarande tal for Volda er 11 prosent som meiner det er viktig og 15 prosent som meiner det ikkje er viktig.

Samstemt om alternativ

Om kommunesamanslåing blir bestemt, er voldingane og ørstingane samstemt i alternativ. I Ørsta meiner 87 prosent at Volda er beste alternativ.  Og i Ørsta vil 88 prosent av dei spurte slå seg saman med Volda.

-Per i dag har vi ikkje noko klar bestilling på at det er aktuelt med ein kommune for heile søre Sunnmøre, men døra er ikkje lukka. Her kan ting endre seg undervegs, seier Iversen som også understrekar at ein må samarbeide over kommunegrensene for å utvikle regionen.

Berre tre prosent av voldingane svarer at heile søre Sunnmøre bør slå seg saman. Til samanlikning meiner sju prosent at Hornindal er eit alternativ. Tilsvarande tal for Ørsta er at to prosent vil ha heile søre og fire prosent meiner Ulstein er eit alternativ. Også Hornindal landar på fire prosent.

Blir folkerøysting

Innbyggjarundersøkinga er forankra i vedtak som kommunestyra i Ørsta og Volda gjorde i juni. Vedtaka var i praksis like. I Volda blei vedtaket gjort heilt utan debatt, medan det i Ørsta var sterke synspunkt, men også der var vedtaket til slutt samrøystes.

Vedtaka innebar ei tydeleg bestilling om utgreiing av Volda og Ørsta som ein kommune. Undersøkinga viser at innbyggjarane støttar bestillinga.

Tussaaksjar og kommunenamn

Først i juni neste år skal kommunestyra gjere endeleg vedtak. Før den tid vil det blir gjennomført rådgjevande folkerøysting.

- Vi treng tida. No må vi gå i gang med det som er vanskeleg, seier Hovde og utdjupar at dette gjeld både namn på kommune, kommunesenter, Tussa-aksjar, Volda-verdiar og gjeld.

- Det er ikkje problem å finne ting som kan stoppe dette, men det er utfordringar og ikkje umuleg. Vi bør kunne få til ein betre kommune enn i dag. Då må vi vere rause med kvarandre. Vi kan ikkje gå inn i forhandlingar med mål om å slå Volda, for då seier Volda nei, seier Hovde.

Kjensler og identitet

Iversen er einig i at ein no må ta tak i dei store tinga og symbolsakene.

- Dette er viktig for folk. Det er kjensler og identitet det handlar om, seier Iversen som framleis er open på eigen konklusjon.

Både han og Hovde vil støtte seg til resultatet av den rådgjevande folkerøystinga, som skal gjennomførast neste vår.