Hesten forsvann natt til fredag frå Bigset på Hareid.

Ponnien er rundt 90 cm høg, 50 cm lang, er svart med langt svart ragg.

– Ein sånn liten kar går ikkje så langt. Og folk er veldig flinke å ringe til oss når dei ser lause hestar eller andre dyr, men vi har ikkje fått melding om denne vesle hesten. I tillegg opplyser eigaren at ho har leita der det går an å leite i nærområdet, seier vakthavande operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.

– Det blir sagt at ponnien er folkekjær, så dette er eit dyr som vil ta kontakt med menneske, seier Harang.

Kort tidsrom

Ponnien forsvann mellom klokka 00.30 og 02.15 i natt, fortel eigaren, Hanne Kristin Brekke, til Smp.no.

– Den stod i band, så derfor er det rart at den er borte.  Eg starta å leite klokka halv tre rundt om i området, fortel ho.

– Viss den er laus, har den truleg rundt 10 meter med tau etter seg.

Frå i føremiddag er det mange som har leita. Ho fortel at ponnien, som heiter Zorro, har vore veldig populær blant folk på Bigset. Etterlysinga har i dag blitt delt fleire hundre gonger på facebook.

– Det er mange som på eige initiativ har leita. Det er leita både i Ulsteinvik, Hjørungavåg, Bigset og Hareid, fortel ho.

Brekke seier at ho vil kontakte lensmannen i Ulstein og Hareid og levere ei formell politimelding.