Tidlegare i dag samla mange folk seg ved festivalscena i Eidså for å sjå Vennebyen lage liv og røre.

Vennebyen, kjent frå barne-TV, tek sikte på å lære born og unge om nødetatane. Med song, musikk og morosame reglar, bidreg heltane frå barne-TV til å hjelpe unge håpefulle å lære til dømes nødnummera.

– Det er viktig at vi inkluderer dei små på festivalen, det er dei som er framtida her. Det har vore stor etterspurnad etter noko for dei minste på festivalen, og dette har vi gjort noko med, seier ein av arrangørane Laura Blikeng som var svært nøgd med dagens oppmøte.

God stemning, men kaldt vér

Tåkeyr og lave celsiusgrader prega gårsdagens festivalstart i Vanylven.

Det stod ikkje på stemning og oppmøte, men festivalsjef, Trygve Sundsbakk, stikk ikkje under ein stol at véret var litt trasig.

– Det var kjølig for publikum under gårsdagens festivalstart, og det hadde trulig vore endå fleire frammøtte om forholda var betre. Ellers var gårsdagen topp. Held himmelen seg skyfri blir det endå betre i dag fortel festivalsjef, Trygve Sundsbakk.

Laurdag kveld kan Vanylvsråkk blant anna invitere til CC Cowboys, The Sweet og BlodsBrødre.