I 2009 fekk tunkatten Lurivar sitt eige utebibliotek på Høgetua, ein kort gåtur frå Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. Kvar sommar sidan den gong har Lurivar si store, gule postkasse på det som vart døypt Barneboktua vore fylt opp med nynorske barnebøker.

Turgåarar har kunna kose seg meg ei lesestund på tua, og ei flott utsikt over Hovdevatnet og Ørsta-fjell.

Kontakt

– Utebiblioteket på Høgetua starta som ein del av det utvida tilbodet for gjestene våre. Vi ønskte å etablere kontakt med folk, utan at dei nødvendigvis kom til Aasen-museet, fortel Gaute Øvereng, som er dagleg leiar for Ivar Aasen-tunet.

Han fortel at utebiblioteket på Høgetua har vore ein suksess, og at mange spør etter bøkene i tida før sesongen startar. I høve at det i år er friluftslivets år, kom tanken om å utvide med fleire bibliotek. No er sju nye postkasser med barnebøker plasserte ut rundt om på Sunnmøre og i Nordfjord:

Barnebokskogen i Lærarskuleskogen i Volda, Barneboktua på turstien på Herøy Gard, Barnebokberget i Trollskogen ved Oseberget i Ulstein, Barneboktua ved Rotarystien på Hareid, Barneboktua på Storehornet/Sandviktua i Sande, Barneboktua ved gapahuken ved Hornindal skule og Barnebokplassen ved leikeplassen på Visnes i Stryn.

Turmål

– Lurivar sine bokkasser er plasserte ut i samarbeid med kulturavdelingane i dei ulike kommunane. Stadene som er valt ut er lett tilgjengelege og mykje brukte turmål. Alle kommunane var med ein gong positive til å vere med på dette prosjektet, fortel bibliotekar i Aasen-tunet, Siri Beate Gjerde.

Sommar

Utebiblioteka til Lurivar er eit tilbod i sommarsesongen. Bøkene kan ikkje takast med heim, men skal nytast på staden. Det finst både heilt enkle bøker for dei minste, og bøker for større barn. Ivar Aasen-tunet får bøker av forlaga til utebiblioteka, så det vil heile tida finnast nye, nynorske bøker i kassene.

– Formidling av god, nynorsk barnelitteratur er ein viktig del av oppdraget til Aasen-tunet. Erfaringane med utebiblioteket på Høgetua gjer at vi trur på at dei nye biblioteka også vil verte mykje brukte – og at dei kan vere nye portopnarar for nynorsken, seier Gaute Øvereng.

<strong>Nytt utebibliotek:</strong> Dagleg leiar Gaute Øvereng og bibliotekar Siri Beate Gjerde, begge i Ivar Aasen-tunet, ved eit av sju nye utebibliotek: Barnebokskogen i Lærarskuleskogen i Volda. Her ligg forholda til rette for ei hyggjeleg lesestund rundt bålet, i alle fall på ein mindre regnvåt dag enn då biletet vart teke.