– Ordførar Arnulf Goksøyr har blitt for varm i trøya. I sin iver etter å få gjort ting slik han vil ha dei, så kan det virke som det går litt på kostnad av dei demokratiske spelereglane, seier partifelle Richard Gjerde.

Lokalpolitikarar i Herøy har hamra laus på kvarandre i ei serie lesarinnlegg med ord som «arroganse», «villeiande» og «maktmisbruk», i både Vestlandsnytt og Sunnmørsposten.

Goksøyr svarar på kritikken: – Det er lite som tyder på diktatur i Herøy

Ukultur

Ifølgje Gjerde har det utvikla seg ein ukultur der det ikkje er rom for å ha andre meiningar enn Goksøyr, og der det har vore manglande openheit.

– I rolla som moderator kan ein ordførar gi legitimitet til avgjersler, om ein får fleire parti og folk til å stå bak dei. I Herøy har det blitt litt for mykje einvegskøyring, meiner Gjerde.

Les også: Nedvask i Sunnmørsbadet ASLes også: Goksøyr fekk flengande kritikk frå styreleiar

Opposisjonen peikar på at Goksøyr i kommunestyret har innrømma å ikkje ha journalført all innkommande post og epost.

– Eg har gjennom fleire år påpeika at ei rekke demokratiske prinsipp har blitt brotne i kommunepolitikken i Herøy. Sist gong skjedde det i kommunestyret, då eg førte bevis på at dokument ikkje har blitt journalført. Ordføraren bekrefta då at han sorterte post, seier Bjarne Kvalsvik i Folkelista/Sp.

– Spesielt dei siste åra ser vi også at ordføraren feilinformerer viktige opplysningar, både frå talarstolen og gjennom media, eller ikkje informerer viktige opplysningar i det heile. På siste kommunestyremøte vedgjekk han at han dreg unna innkomne dokument frå registrering etter eiga vurdering. Etter kvart har tilliten til ordføraren vorte tynnsliten, seier gruppeleiar Per Kristian Furø i Herøy Arbeidarparti.

Les også: Herøy kommune berga økonomien i fjor

Ut av politikken

Richard Gjerde meiner det har gått for langt, og gir seg i politikken. Han skriv at han ikkje har tillit til Goksøyr.

– Dersom kommunepolitikken i Herøy held fram slik han har vore kan eg ikkje vere med lenger. Skuldingane mot meg i Vestlandsnytt den 16. juli og Sunnmørsposten den 24. juli går utover mitt gode namn og rykte, som eg må beskytte på grunn av min private jobb. Neste periode stiller eg derfor ikkje på liste i kommunevalet, seier Gjerde.

I eit lesarinnlegg skreiv Goksøyr at Gjerde ikkje hadde informert gruppemøtet i Høgre om at det vart jobba med eit tredje namn som kommunens styremedlem i Sunnmørsbadet. Ifølgje Gjerde skal dette ha vore Statkraft-direktør og Olympic-styremedlem Ragnvald Nærø.

– I gruppemøtet til Herøy Høgre før siste kommunestyret informerte eg om tre alternative namn det vart jobba med til nytt styremedlem for kommunen i Sunnmørsbadet. Goksøyr påstår i eit lesarinnlegg i Vestlandsnytt den 16. juli og Sunnmørsposten den 24. juli at eg ikkje gjorde det. Dette er usant, seier Gjerde.

Badeland

Eit ankepunkt mot ordførar Goksøyr har vore hans rolle i Sunnmørsbadet.

Der var han inne som styreleiar, og majoritetseigar i si rolle som Herøy-ordførar. Prosjektet blei mykje dyrare enn planlagt.

– Ordføraren har involvert seg i fleire saker det kanskje ikkje har vore lurt å involvere seg i, spesielt når enkelte bedrifter og personar føler at dei kjem i disfavør, meiner Gjerde.

16. juli melde Vestlandsnytt at Goksøyr gjekk «ut mot rykteflaumen» og svarte på «korrupsjonsrykta». Han var blitt skulda for å gi enkelte bedrifter større fordeler. Han avviste skuldinga.

– Ordføraren har ikledd seg mange hattar i forskjellige posisjonar og verv, og slik eg ser det så har det ikkje alltid vore rett og har i enkelte tilfelle ført til sterke og uheldige konfliktar, seier Furø.

Fortvila

Høgre har med sine 15 og Frp sine tre representantar fleirtal i kommunestyret. Samarbeidskoalisjonen har styrt og hatt ordførar Goksøyr i 12 år.

– Ofte kjem viktige avgjerdssaker dumpande på bordet under møta, med grunngiving i hasteparagrafen, seier Furø. Furø meiner «maktarroganse» som dette gjer det «meiningslaust» med opposisjonspolitikk.

– Det er sjølvsagt veljarane som ved neste val bestemmer kva konsekvensen blir, men det kan ikkje fortsette slik det har vore i kommunepolitikken i Herøy. Enten må praksisen endre seg, eller så må det andre krefter på plass, seier Kvalsvik.

<strong>Ikkje tillit:</strong> Richard Gjerde i Høgre gir seg i lokalpolitikken. Foto: Anne-Mari Tomasgard
<strong>Misnøgd:</strong> Bjarne Kvalsvik, Folkelista i Herøy/Senterpartiet. Foto: Knut Arne Aarset
<strong>Kritisk:</strong> Per Kristian Furø i Arbeidarpartiet meiner det er ein ukultur i Herøy.