Den store dagen til Lene Marie og Terje fekk eit skår i gleda då nokon sneik seg inn og forsynte seg frå gåvebordet til brudeparet, ifølgje Fjordenes Tidende.

Medan servitørar og kokken var inne for ein takketale, tok tjuvar mobiltelefonar og gåver frå lokalet. No håpar familien på fleire tips om tjuveriet som skjedde då bryllaupet vart feira i Vågsøy laurdag.

– Ein av gjestane hadde vore på toalettet, og overraska ein av tjuvane. Då la dei på sprang, fortell Magnus Lågeide, som er far til brura, til lokalavisa.

Fleire skal ha observert gjerningspersonane, og bilen dei køyrde - ein litt eldre sølvgrå Audi stasjonsvogn, av typen A4 eller A6.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Politiet tok meldinga på alvor og sendte ut ein patrulje på vegen. Politiet skal ha fått fleire tips om kjøretøyet, men måndag var framleis ingen tekne for tjuveriet.

Tjuvane forsynte seg frå gåvebordet til brudeparet under ein tale. Foto: Privat