Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson kjem til Nordfjordeid for å opne eit nytt senter for arbeid og læring den 10. august.

LA-bygget er ei felles satsing mellom attførings- og arbeidsmarknadsbedrifta InVia AS og Eid kommune.

Bygget skal innehalde både produksjonslokale, arbeidsstove, undervisningsrom, kantine, kjøken, møterom, kontorlokale og andre fasilitetar.

– Det å kvalifisere seg til og ha eit meiningsfullt arbeid er for dei fleste nøkkelen til eit godt liv og god integrering i samfunnet. Målet med LA-bygget er å skape eit sterkt, samla fagmiljø for arbeidsretta opplæring, arbeidstrening og innføring i arbeidslivet for menneske som står utanfor den ordinære arbeidsmarknaden både læring og arbeid, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.