Politiet ønskjer tips frå publikum etter eit frekt tjuveri mot eit bryllaup i Nordfjord i helga.

Lokalavisa Fjordenes Tidende omtalde måndag tjuvane som hadde slått til mot gåvebordet til eit brudepar i Vågsøy.

– Eg synast dette var sjofelt og dårleg gjort, seier regionlensmann Tormod Hvattum i Nordfjord til smp.no.

Politiet stadfestar tysdag at dei har motteke meldinga om saka, men ingen er så langt mistenkt for å stå bak tjuveriet som skjedde ved eit forsamlingshus i Bryggja. Familien til brudeparet har opplyst et ein litt eldre sølvgrå Audi stasjonsvogn, av typen A4 eller A6, er observert i samband med saka.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ein del sølvtøy av typen Kristin frå Hardangerbestikk forsvann frå gåvebordet. Også en mobiltelefon skal tjuvane ha fått med seg. Gjerningspersonane skal ha lagt på sprang då dei vart oppdaga på staden.