– Vi gjekk ned i fjøresteinane og såg at det låg eit dødt dyr innpakka i ein plastpose, fortel Robin Mork Kleppe (15).

Han og kameraten Bjørn Refsnes (14) tok hand om det dei først trudde var ein død kvalp. Dei trur nokon drukna dyret i fjøresteinane på Strandabøen i Ulsteinvik.

Gjør som flere enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Meldt til politiet

Beathe Pilskog som driv hundeskule møter dei to gutane saman med Sunnmørsposten onsdag. Då ho høyrde om funnet, tok ho kontakt og ville sjå om det var muleg å finne ut meir om saka.

Etter å ha teke med kadaveret til dyrlege, kan ho opplyse at det dreiar seg om ein stor hannkanin. Dyret hadde ingen teikn til ytre skader, som skulle tilseie at dyret var dødt før det hamna i vatnet.

Onsdag melde ho saka til politiet.

Død ei stund

Mora til Refsnes lufta familien sin jakthund, Bajas, då den fann plastposen tirsdag kveld. For å unngå at hunden tygga på det døde dyret tok ho med dyret heim med ein gong.

For at ikkje treåringen i huset eller andre barn skulle finne det døde dyret måtte dei to gutane ta hand om det.

– Nokon måtte berre ta hand om dyret, så vi beit tenna saman, fortel Mork Kleppe.

Det var difor vanskeleg å sjå kva for dyr det var, og det kan tyde på at kaninen har vore død ei stund.

Opprørte

Robin og Bjørn er opprørte og lurer på kva som har gått gjennom hovudet på eigaren. Begge gutane har hundar sjølv, og er glade i dyr.

Då Pilskog opnar posen for å sjå nærare på kadaveret saman med Sunnmørsposten, luktar det sterkt og gutane vekslar mellom å sjå - og snu seg vekk.

– Det er heilt motbydeleg. Eg forstår ikkje kva som går gjennom hovudet på folk som gjer slikt, det må vere noke gale med dei, meiner Mork Kleppe.

Det var jakthunden Bajas som fann dyrekadaveret i fjøra rett nedfor der Bjørn Refsnes (t.v.) bur. Kompisen Robin Mork Kleppe bur i nabolaget og hjalp til med å ta seg av dyret. Foto: Marius Rosbach