– Det er ein del av humoren at det skal sjå ut som om det er dårleg kvalitet på produksjonen. Du skal få litt kjensla av ein VHS frå 1996, forklarar Kim Tvedt.

Han er ein av fem studentar som har brukt sommarferien på å lage ein humorserie til fadderveka ved Høgskulen i Volda, på oppdrag frå Student-TV. Dei andre er Sondre Styrk, Jørgen Engeset, Håkon Brandal og Kjell Pilskog.

Sjå ein teaser til humorserien øvst i saka.

– Det begynte med at Student-TV hadde ein tanke om å lage ein liten snutt i sommarferien. Så hadde vi fem eit møte, og det eskalerte med tankar og idèar. Vi fann ut at vi ville satse på humor, seier Tvedt.

Spent på mottakinga

Videoane skal i tillegg til å vere morosame, fungere som informasjonsvideoar om Volda. Det kjem ein episode om landemerke i Volda, som Rotsethornet og Myrane studentbustadar, ein om dei ulike bygga på høgskulen, og ein episode om frivillig arbeid i Volda.

Humoren ligg mykje i den «dårlege» produksjonen, og ein guide som ikkje heilt ser ut som om han er passande til jobben.

– Det skal sjå ut som om Student-TV har leid inn nokon som ikkje heilt veit kva han skal gjere, seier Tvedt, som spelar guiden i videoane.

– Eg er ikkje akkurat så komfortabel foran kamera, så eg er spent på korleis dette blir motteke. Eg har vore med på ein del med Student-TV før, men eg trur ikkje eg har vore så spent som dette. Det har blitt ei så stor greie for oss som er med, seier han.

Tre dagar

Han seier det har vore eit mål at humoren ikkje skal bli for intern, slik at nye studentar kan sjå det morosame i det. Men samtidig håpar han gamle studentar vil kjenne seg igjen.

– Og vi håpar òg at dei vil sjå informasjonsverdien i dei, legg han til.

Filminga brukte dei berre tre dagar på, mens redigeringa har tatt lenger tid.

– Noko som er spesielt er at vi jobba baklengs, og filma episode tre først. Det var eit av verkemidla for å få det til å sjå dårleg ut, forklarar Tvedt.

Han meiner dei har lukkast i å lage ein «dårleg, men bra» humorserie, og seier det har vore ei spennande utfordring.

– Vi håpar det vil inspirere mange nye studentar til å melde seg inn i Student-TV, seier han.

Serien har premiere i fadderveka, som startar 18. august.

Kim Tvedt spelar ein guide som ikkje heilt veit kva han skal gjere. Foto: Privat
Sondre Styrk er ein av dei som har brukt delar av sommarferien på å lage humorserien. Foto: Privat