Då Jostein Korsnes skulle ut til øya fann han ei overraskande helsing i gjesteboka i det ubebudde huset til foreininga Ristes Venner.

– Eg fann både øl og kvitvin etter at dei hadde brote seg inn. Det såg som dei hadde kosa seg, fortel Korsnes.

Torsdag blei to personar arresterte etter ei politijakt på den ubebodde øya Riste i Sande kommune. Desse har truleg også tatt seg til rette i huset.

Bad om unnskyld

Før dei to personane blei tatt av politiet mistenkt for båttjuveri hadde dei nemleg også brote seg inn i det einaste huset på øya.

«30/7-15

Vi måtte i desperasjonens øyeblikk inn en plass etter et båtforlis

Beklager skader (som er utbedret så godt som mulig)

Kompensasjon er i vente.

Navn er forbeholdt grunnet uviss reaksjon.

På forhånd UNNSKYLD»

Ein av personane prøvde å gøyme seg for politiet torsdag, men også han blei funnen og tatt med bort av lovens lange arm.

Knuste vindauge

Utanom Jostein Korsnes sine 95 sauer og 57 lam er øya ubebudd.

– Dei hadde nok blitt våte då dei gjekk frå holmen dei var på til øya Riste. Det var ikkje mat i huset, men dei hadde funne albogeskjell i fjøra og ete dei. Dei hadde også lånt ved. Det var nok varmt og godt den natta dei var der, fortel Korsnes.

Huset kan ein både leige og komme inn i ved hjelp av nøkkel, men den hadde dei ikkje funne.

– Dei hadde først knust nokre vindauge, men utan å komme seg inn. Så gjekk dei laus på låsen til inngangsdøra, seier han.

Ville gjere opp for seg

Korsnes trur dei to som tok seg inn i huset sleit med samvitet etter ugjerninga.

– Dei var nok våte og kalde etter å ha kome i land på Riste, og fekk dårleg samvittigheit etter å ha brote seg inn. Dei ønskja nok ikkje å vere vanskelege med oss, og skreiv difor at dei ville gjere det godt igjen etter å ha vore der inne, seier Korsnes.

Ifølgje den lokalkjente mannen har dei to personane truleg vore rundt eit døgn på øya.

– Det ville vere litt for lettvint for oss å berre få det igjen på forsikringa etter skadene på huset. Det beste hadde nok vore om dei fekk komme tilbake og bytta vindauget og reparert døra, og lært seg ein lærepenge på den måten, meiner han.

Skader på huset

Heile vindauget må truleg bytast ut.

– Dei hadde brukt ein skrutrekkar mellom vindauget og veggen, og når det er så værhardt som ute på Riste må ein bytte vindauget og få det tett, seier Korsnes.

Saueeigaren var ute på Riste for å sjå til dyra. Ein av sauane hadde brote beinet. Då fekk han samtidig sett det som var lagt igjen av dei to personane ute på øya.

– Det låg både ein båtopptrekkar frå Biltema, klede og ei gamal kjøttkvern der ute. Dei hadde berre lagt det frå seg, fortel han.