Dermed blir dei to institusjonane verande der dei er i dag, opplyser rådgjevar Merethe Wærnes Blom i Domstoladministrasjonen.

– Årsaka er at vi ikkje kom fram til noko løysing som vi var nøgde med, seier Blom.

Ho legg til at heile prosessen no er lagt på is.

Det var i vår at det vart søkt etter nye, felles lokale til dei to rettsinstitusjonane. Målet var å få til ei samlokalisering, og det kunne bli både i Volda og Ørsta.

Domstoladministrasjonen fekk inn fire tilbod om ledige, sentrumsnære lokale på ca. 700 kvadratmeter, slik dei søkte om. Meininga var at folk frå Domstoladminstrasjonen skulle kome på synfaring og at det kom ei avgjerd i sommar.