Søre Sunnmøre tingrett har dømt mannen til fengsel i 21 dagar for handlinga som skjedde ein ettermiddag i mars. Han er også frådømt førarkortet i to år.

I dommen går det fram at mannen var på veg frå utlandet til Herøy, då han nådde igjen ein kø med bilar. Fremste bilen skal ha køyrt i 60 km/t, uavhengig av fartsgrensa, og dette blei etter kvart eit irritasjonsmoment.

I ei 80-sone med oversiktleg strekning valde mannen å køyre forbi til saman tre bilar. Der stod politiet med laser, og farten blei målt til 159 km/t.