Fredag kveld banka ordførar i Stryn, Sven Flo på døra til ekteparet Johanna og Gunnar Nygjerd i Olden. Johanna trudde han var på veg ein plass og berre stakk innom for å helse på, men ordføraren hadde med seg noko heilt spesielt. Han kom nemleg for å tildele Kongens Fortjenestemedalje til ekteparet for all innsatsen dei har lagt ned i kommunen og lokalområdet over mange år.

- Eg trudde først det var ein draum. Det var heilt uverkeleg og kom som eitt lyn frå klar himmel, fortel Johanna til smp.no søndag kveld.

Både ho og mannen Gunnar set stor pris på utmerkinga og Johanna fortel at dei har fått mange hyggelege telefonar og meldingar.

- Av og til er det jo slik at folk tenkjer at nokon andre kanskje heller skulle fått utmerkinga, men den kjensla har vi ikkje fått. Eg føler at alle deler gleda med oss, seier ho.

Blei avlyst

I utgangspunktet skulle tildelinga skje under arrangementet Da Capo i Honndalshallen, men då Vidar Lønn-Arnesen blei sjuk, blei arrangementet avlyst. Då måtte ordføraren trappe opp i stua til ekteparet i staden for.

- Flo sa at han hadde visst om denne utmerkinga heilt sidan april i år, men at planen var å finne eitt passande arrangement for tildelinga. Då dette blei avlyst, kom han heller heim til oss, fortel Johanna.

Får møte Kongen

Ekteparet har gjennom fleire år vore politisk aktive, haldt på med ungdomsarbeid, kulturarbeid og mykje meir. I 2011 blei også hagen deira kåra til den finaste hagen i Norge.

Dei er no 76 år gamle og vier mesteparten av fritida si til arbeid for pensjonistar. Gunnar er leiar for Olden eldrelag og Johanne er leiar i Stryn og Hornindal pensjonistlag. Om seks månader kan dei feire at dei har vore gift i 50 år. Men dei siste to vekene har dei tatt det litt rolegare etter at Gunnar blei sjuk. No byrjar han å verte frisk att og Joahnne gler seg til dei får møte Kongen.

- Eg er ikkje heilt sikker på når vi får møte Kongen, men det skjer når Gunnar er frisk att, seier Joahnne, og legg til at heile opplevinga har vore overveldande.