Dette er grunnprinsippa til dei to grunnleggjarane av Grim & Gryt Økobryggeri as på Hareid.

Kompisane Øyvind Grimstad Gryt (36) og Andreas Grimstad (31) har yrkesbakgrunn som høvesvis historielærar og elektrikar. Dei har vakse opp i lag på Hareid. Og dei har bryggja øl i lag på hobbybasis i ei årrekkje.

– Alt på første forsøk opplevde vi at det gjekk fint an å bryggje eit øl som var betre enn noko av det vi kunne få kjøpt, fortel Øyvind Grimstad Gryt om opptakta til satsinga.

Nøye

– Nesten like viktig som sjølve brygginga og alt det tekniske og biologiske kring denne, ser vi det å ha stødige folk som vil oss vel i ryggen på eigarsida, analyserer Grimstad Gryt.

Han og familien flyttar etter kvart frå Emblem og heim til Hareid, der kollega Andreas Grimstad alt er etablert. Og der altså bryggeriet med alle sine rustfrie stålkjerald, rør, pumper, slangar og andre tilhøyrande innretningar har funne sin plass i produksjonsrekkja.

Hektisk

Sunnmørsposten er på innsteg tidleg ein bryggjardag. Prosessen er i gang og det eimar umiskjenneleg av skolda korn og frisk humle. Sistnemnde ligg klar i ein open jutesekk og er ikkje tilsett enno.

– Det går ein heil arbeidsdag til sjølve brygginga. Då står vi att med eit par tusen liter ferdig brygg. Dette skal så tappast på større serveringsbehaldarar – eller på små flasker i eit eige anlegg. Så skal det heile marknadsførast og seljast. Vi tek hand om heile prosessen sjølve, fortel Øyvind Grimstad Gryt.

Økoøl

Dette inkluderer ikkje minst innkjøp av dei rette råstoffa, i ein marknad som bokstaveleg tala flyt over av alternativ og variantar. Interessa for heimebrygging og minibryggeri har nærast eksplodert.

– For vår del handlar det berre om å bruke økologisk råstoff i alle ledd.

– Dette er i tråd med eit grunnleggjande syn vi har på global økologi, og på kva som gjev optimal kvalitet på det ferdige produktet vårt, seier Øyvind Grimstad Gryt.

Desinfisering: Nokre av prosessane i bryggjelinja stiller heilt spesielle krav til reinsemd og desinfeksjon. Her er det sjølve bryggjekaret der gjæra vert tilsett som får ein fleiretrinns omgang. Foto: Knut Arne Aarset
Vitskapleg: I dette utvendige glasrøyret kan bryggjarane følgje nøye med på nivå og konsistens. Foto: Knut Arne Aarset
Teknikk: Det er ikkje så reint lite av mekanikk og teknikk som må meistrast for at flyten mellom dei ulike ståltankane i prosessen skal gå sin rette gang. Her er Andreas Grimstad i sving med skiftenøkkelen. Foto: Knut Arne Aarset
Logo: Bryggjeriet satsar på lokale og kreative krefter både når det gjeld logo og etikettar. Foto: Knut Arne Aarset
Lokala: Her, eit steinkast frå sjøkanten i Hareid sentrum, ligg produksjonslokala til Grim & Gryt Økobryggeri – i lokala til ein tidlegare bensinstasjon. Foto: Knut Arne Aarset
Økokorn: Hovudråstoffet til ølbryggjing er som alltid korn – eller malt som det også vert kalla på fagspråket. Dette vert skaffa av økologisk kvalitet både i Norge og i utlandet. Foto: Knut Arne Aarset