Etter å ha hasta gjennom tre kommunar med Høgre-ordførarar kunne kommunalminister Jan Tore Sanner (H) stupe rett uti det: Store bølgjer i Sunnmørsbadet i Herøy.

Herøy-Høgre-ordførar Goksøyr stilte med badebukse og handduk til ministeren - og utfordra han til ein dukkert på direkten.

Les også: Badarane strøymer til Sunnmørsbadet

Ministeren var ikkje vond å be:

- Det er ikkje kvar dag eg får oppleve slikt. Eit fantastisk anlegg - og ein fantastisk dag på jobben, lo ministeren på bassengkanten.

Saman med innfødde Goksøyr fekk han testa det gigantiske bølgjeanlegget. For dei på land kunne det sjå ut som kaotisk skvalpesjø rett vest av Stad.

Ministeren visste betre:

- Høgrebølgjer av beste sort dette! slo han fast.

Før ferda gjekk vidare til simulatorsenteret i Fosnavåg.

Herøy-Høgre-ordførar Goksøyr (t.h.) stilte med badebukse og handduk til ministeren - og utfordra han til ein dukkert på direkten. Foto: Knut Arne Aarset