Siste: Fjordingen.no møtte 19-årige Katka Servosova etter at ho var redda ned frå fjellet. Uskadd og letta over å ha blitt berga fortel ho til avisa at ho og dei to venninnene var på sykkelferie i Norge, og at dei natt til onsdag overnatta i Flatsteinbu under ein fjelltur. På veg ned til Oldedalen mista ho så kontakta med dei to andre - dels på grunn av dårleg fottøy, og etterkvart fann ho ikkje att råsa.

Politiet i Sogn og Fjordane melde like før klokka 14 på Twitter at det vart sett i verk helikoptersøk etter ein turist som hadde fått trøbbel i fjellet. Ifølgje politiet dreier det seg om ei 19 år gamal tsjekkisk kvinne.

Like før klokka 15 melder Fjordingen.no at kvinna er lokalisert, og kunne kort tid etterpå fortelje at ho var berga ned.

Eit redningshelikopter vart kalla ut etter at ho melde frå at ho hadde gått seg fast i eit skor i Oldedalen

Operasjonsleiar Wenke Hope ved politiet sin opersjonssentral sa at kvinna har vore på tur saman med to andre personar, men at dei har komen vekk frå kvarandre undervegs.

– Ho er ikkje kjend i området og kunne difor ikkje fortelje kor ho befann seg. Helikopteret søker etter kvinna no, sa Hope til smp.no klokka 14.40.

Også mannskap frå Røde Kors og politiet vart sett inn i aksjonen for å finne kvinna. Politiet antok at ho gjekk seg fast ein stad mellom Flatsteinbu og Kvame.

Det vart ikkje meldt at kvinna var skadd på noko vis. Veret i området var greitt for helikoptersøk.