Onsdag ettermiddag rykka politiet ut til Fosnavåg etter melding om funn av sprengstoff i kjellaren på eit bustadhus, melder Vestlandsnytt på Facebook.

- Det pågjekk oppryddingsarbeid i huset, og dei som bur der og fann dynamitten tok den med ut, fortel Borge Amdam ved operasjonssentralen til politiet.

- Etter det eg har fått vite dreide det seg om nokre gamle dynamittkubbar, og vi bad ein sprengningsbas om hjelp til å vurdere dynamitten. Vedkommande ga etterkvart beskjed om at han kunne ta sprengstoffet med seg, noko han også gjorde, seier Amdam.

Politiet fekk melding om hendinga ved 13.30-tida.