Refviksanden i Vågsøy går for å vere ei av dei flottaste sandstrendene i Norge, og vart for nokre år sidan kåra til Norges finaste strand.

– Vi gjekk oss ein tur på den flottaste stranda vi har, vi bruker gå der veldig mykje tur. Vi har gått der i alle år, fortel Sølvi og Dagfinn Haug.

Merkeleg overvatn

Men det som skjedde tidlegare denne veka har dei aldri opplevd før. Denne dagen såg paret at det hadde lagt seg mykje vatn oppå sanden.

– Det hadde danna seg ein innsjø oppe på sanden. Og vi såg at vi måtte gå eit stykke rundt for å gå klar.

– Medan vi stod der, byrja eg brått å sige nedi, fortel Sølvi Haug.

– Eg fekk litt panikk og mista balansen, så eg datt framover. Hendene for nedi sanden, og eg kjende det gav etter, fortel Sølvi Haug.

Nesten til hofta

Det var Fjordens Tidende som først fortalde om den sjokkarta hendinga. Sølvi Haug er sjeleglad for at ho ikkje var åleine.

– Det var ikkje folk rundt oss, så vi kunne ikkje rope til nokon, heller, fortel ho.

Dagfinn Haug fortel til Smp.no at på det djupaste stod ho nesten til hoftene i sanden. Så djupt sokk ikkje Dagfinn nedi.

– Han stod til knes, fortel Sølvi.

La seg framover

– Kva gjorde de for å kome laus?

– Ho la seg framover, heldt seg fast i meg, og drog seg mot meg, fortel han.

– Hadde eg vore åleine, då tør eg ikkje tenke på kva som hadde skjedd, seier ho.

Ifølgje Dagfinn tok det nokre få minutt før dei var laus.

«Sekkje»

– Vi er litt uroa for ungar dersom dei leikar på sanden åleine, seier begge.

Dagane før hadde det striregna. Det går også ei elv forbi ikkje så langt unna. Det kan vere ei forklaring på at sanden gav etter.

– Har de fått ei forklaring på fenomenet?

– No i ettertid har eg fått høyre at eldre refvikarar snakkar om det dei kallar «sekkje». Det verkar som eit kjend fenomen for dei som er frå Refvika, eg har aldri høyrt om det før, seier han.

Norges Geologiske Undersøking skriv at kvikksand kan oppstå når sand er metta av vatn, til dømes av grunnvatn eller anna vatn som stig oppover.

– Ein flyt lettare i kvikksand enn i vatn. Derfor kan ein eigentleg ikkje drukne i kvikksand så lenge ein tar det med ro og ikkje kavar for mykje. Det er dessutan sjeldan at kvikksanden er så djup at ein kan forsvinne heilt, skriv NGU på si nettside.

– Ikkje kave når ein står der? Det er jammen ikkje lett i alle fall, kommenterer Sølvi Haug.

– Og skygg for all del ikkje unna sanden, det er verdas beste plass å opphalde seg, seier Dagfinn.

Ein tidlegare tur på Refviksanden i Vågsøy. Sølvi Haug nærast. Foto: Dagfinn Haug