Orda kjem frå nittifireåringen Solveig Valseth. Saman med veninna, jamaldringen og medpensjonæren Karen Skår sit ho med orkesterplass på øvste utsynsdekk på Hurtigruta «Finnmarken». For første gong.

Sjå video: Hjørundfjordheimen på tur

Innover

På veg inn Hjørundfjorden frå Ålesund vert det peika og fortalt, forklart og fortalt på nytt. Særleg har Karen Skår mykje å melde, no idet fjordcruiset passerer fødegarden hennar Brattheim – ytst i Hjørundfjorden mot Festøya.

– Nei heller andre vegen. Men så enda eg altså opp i ein mykje trongare og brattare del, heilt inne på Skår, ler Karen.

Utover

Venninna Solveig Valseth gjekk stikk motsett veg i sitt liv. Ho vart fødd og voks opp på Finnes inst i fjorden. Ho fann seg mann og slo seg ned langt framme på Valseth i breie Bondalen.

– Det er eg i grunnen svært godt nøgd med, stadfestar ho. Men no er det altså Hjørundfjordheimen som er dei to kvinnene sin nye heim. Og der trivst dei overlag godt, skal vi tru det dei har å fortelje.

– Ja, likare kan ein vel ikkje ha det. Det er berre å sjå kva som skjer med oss i dag, å sjå kor fantastisk fint desse pleiarane ordnar ut for oss. Eg hadde aldri trudd eg skulle få oppleve noko slikt som i dag, seier Solveig Valseth.

Grytidleg

Dagen starta altså i grisotta, ekstra tidleg for dei som er avhengig av rullestol og dermed måtte entre Hurtigruta i Ålesund. Dagen ved Hjørundfjordheimen starta også med eit hattefok utan like, eine minibussen ville ikkje starte. Dermed vart det ekstra springing og mykje hektisk for organisatorane. Etter å ha nådd ferja på Festøya kunne sjåfør Mari-Anne Bjørdal endeleg puste litt på.

– Dette vart hektisk nok, ja. Men det gjekk! Det er berre å sjå på forventingane til passasjerane våre her, så ser ein at det er verd innsatsen, seier Bjørdal. Ho vedgår at det har vorte nesten ein tradisjon for pleiepersonalet å strekkje seg litt ekstra for pensjonærane i slike høve.

– Somme stiller til og med på frivakta si for å få slike opplegg i hamn. Det fortel vel litt om kor mykje det tyder også for oss som jobbar her å skape trivsel og glede i miljøet vårt, vurderer Bjørdal. Ho har med eit solid ferdaskrin med medisin, niste og nøgda med drikke. Alle får alt dei treng, også på ein slik dag ...