- Må setje kvinner og barn fri

- Menn som sjølve har vorte undertrykte, må forstå korleis andre som vert undertrykte har det, sa Venstre-politikar og leiar i utlendingsnemnda, Abid Raja, då han snakka med asylsøkjarar i Ulsteinvik onsdag.
Foto: Torill Myren
- Menn som sjølve har vorte undertrykte, må forstå korleis andre som vert undertrykte har det, sa Venstre-politikar og leiar i utlendingsnemnda, Abid Raja, då han snakka med asylsøkjarar i Ulsteinvik onsdag. Foto: Torill Myren

Abid Raja snakka om ære og kvinner si rolle ved asylmottaket i Ulstein.

Mobil: 90201235
Publisert: 19.05.2010 kl. 14:00
Endret: 19.05.2010 kl. 14:01

Venstre-politikar og leiar i utlendingsnemnda, Abid Raja, er onsdag i Ulsteinvik og pratar med asylsøkjarar frå Link asylmottak i Ulstein og Volda. Raja tok føre seg tema som ære og kvinner si rolle.

Han fekk asylsøkjarane til å liste opp kvifor dei hadde kome til Norge. Og årsakene var friheit, tryggheit og ei god framtid. Nettopp det ønskjer Abid Raja at også kvinnene og barna til innvandrarar skal få.

- Menn som sjølve har vorte undertrykte, må forstå korleis andre som vert undertrykte har det.

Abid Raja seier han har halde mange foredrag, men aldri for nykomarar. Han trur det er nyttig, og at eit slikt kurs burde vore halde for kvinnene også.

- Dei må få vite om rettane sine. Heilt frå dag ein gror vi oss inn i mønster, difor må dei få vite alternativa heilt frå starten av.

Torsdag skal alle samarbeidspartnarar til Link asylmottak få høyre frå Abid Raja om utfordringane med å vekse opp i og mellom to kulturar.

Les meir om besøket i papirutgåva til Sunnmørsposten torsdag

På forsiden nå

Silje inspirert av Japan

Stryning debuterar på møbelmessa i Stockholm. Les mer

Tøffelhelt i Mongolia

Se lydbildeserie og les reportasjen om Ingar Eide - om tro, tøfler og et vakkert, men nådeløst land. Les mer

Rekdal: – MÅ ha en målfarlig spiss

Sju mål på La Manga er ikke nok til at AaFK-treneren avblåser spissjakten. Les mer

Må velje mellom Eir (3) og arbeid

Reglane for å få pleiepengar er stramma inn. Les meir 4 kommentarer