Meiner Helse Midt bevisst køyrer Volda mot stupet.
Endret: 29.05.2010 kl. 11:50
Tilgje dei ikkje, for dei veit kva dei gjer
Inge Eskeland
Kvifor bør ein behalde Volda sjukehus som i dag? Diskuter saka under !
– Helse Midt køyrer ein bevisst strategi som vil føre til nedlegging av Volda sjukehus i løpet av fem til ti år.
Leiar Mona Ryste og overlegane Inge Eskeland, Helge Ose Velle og Odd Frode Aasen på medisinsk avdeling på Volda sjukehus er soleklare: Leiinga i Helse Midt køyrer ei linje der dei bevisst går inn for å leggje ned Volda sjukehus.
Dragsug
– Leiar for Strategi 2020 Daniel Haga går klart inn for å kutte både føden og akutten i Volda, seier Ryste.
Fagdirektøren svarar: - Vil ikkje Volda til livs
– Og så skal sjukehusa utan akuttfunksjon ta seg av geriatri, lunge- og hjartesjukdom, mage- og tarmproblematikk. Men medisinsk avdeling vil forsvinne i dragsuget dersom fødeavdelinga og akuttkirurgi forsvinn, seier Ose Velle.
– Kor lang tid vil det ta?
– Fem til ti år. Fire av sju legar på avdelinga er over 62 år, seier Eskeland.
Vil slutte
– Eit sjukehus utan fødestove og akuttfunksjon er eit «Arbeidarparti-sjukehus», som er uråd å rekruttere nye legar til, slår Aasen fast.
Han byrja som lungelege i Volda sist sommar: – Og eg sluttar dersom fødeavdeling og akuttkirurgi forsvinn, seier Aasen.
Les også:
– Volda driv mest effektivt innan indremedisin i heile Helse Midt, og det på fjerde året. Vi gjev mest og best behandling for pengane. Nøkkelen til suksessen er det svært så gode samarbeidet vi har med dei andre avdelingane, seier Mona Ryste.
Ap-postbod
Avdelingsleiaren og overlegane meiner Helse Midt tåkelegg og fører befolkninga bak lyset.
– Regjeringa ynskjer ei nedlegging av lokalsjukehus i Norge. Byråkratar og politikarar i både Helse Sunnmøre og Helse Midt fungerer som postbod for helseministeren. Akkurat dei same formuleringane går att, seier Mona Ryste.
Lokalpolitikarar i sjokk:
– Helse Midt-leiinga let som om det er berre enkeltfunksjonar som skal bort. Men tilgje dei ikkje, for dei veit kva dei gjer, seier Eskeland.
Myte
Ryste meiner det er skapt ein myte om at vi i Norge bruker så mykje pengar på helse i høve til andre land.
– I reknestykket har dei tatt med heimebasert omsorg, som andre land reknar som sosiale tenester. Faktum er at vi er rikaste landet, men har minst vekst i ressursar vi bruker til helse, hevdar Ryste.
– Korleis opplever de forholdet til Ålesund i dei pressa tidene?
– Vi har hatt ei veldig godt samarbeid fagleg i mange år. Men no er det skuffande at både leiinga i Helse Sunnmøre og kollegaer i Ålesund møter utviklinga med eit skuldertrekk, seier Eskeland.
Kvifor bør ein behalde Volda sjukehus som i dag? Diskuter saka under !
Diskuter denne saken
Innsendt av Volding 31.05.2010 11:20:31 Varsle!
No må alle POSITIVE krefter på Søre setjast i sving !!. Vi må ikkje finne oss i å verte overkøyrde av udugelege bedrevitarar kva angår tilbodet som må og skal være i Volda. Og til enkelte lokalpolitikarar (les bl.a. AP) som yndar å sjå seg sjølv GLISANDE i lokalavisa: Begynn å jobb for sjukehuset, eller forbered dykk på andre verv etter neste val !. Slike folk vil me ikkje skal styre i kommunen.
Innsendt av SivertSæterbø 30.05.2010 22:03:38 Varsle!
Om 10 har Møre og Romsdal 2, med bokstaver.... TO.... sykehus.
Alle som igjennom to valg har stemt rødgrønt har skylden for skandalen som vi nå ser i helse-Norge...
Når det er sagt så har nok også deres mannlige kolleger spesielt ved sykehusene stemt for noe de burde vite ville komme og som de er i mot.. Men grådigheten og intellektes riktige politske farge har blindet ....Så jævlig, så enkel er sannheten om det Norge nå opplever i helsesektoren...
Innsendt av Også helsearbeider 30.05.2010 11:11:50 Varsle!
Det er mange poeng, og ikke tilfeldig at lokalsykehusene er etablert,omstilt og tilpasset samfunnet. Det er heller ikke tilfeldig at de er plassert der de er, i vanskelige geografiske og befolkede områder, lange avstander, og uforutsigbart vær. De sjekker ut og behandler, stabiliserer, evt. sender videre de som må trenge det,
For omliggende kommuner i samhandling med lokalsykehuset, har eksistert siden det ble bygget.Nå, en topp moderne klinikk, tilpasset nåtiden og fremtiden,og skreddersydd for sitt omland.Kort reise til avklaring innen den gylne time.Det er IKKE forsvarlig å sende pasienter i timevis til senetrraliserte team, når en likevel er avgått ved døden før en en fremme. Stabilisering innen kort tid er LIVSNØDVENDIG.Det har aldri vært problem med rekruttering til lokalsykehuset i Volda,tvert imot.
Orienterer en seg utover Helse Midt sitt dokument, (diktert av en taus trepartiregjering, siden samme prosessene er landsomfattende),administrasjonen og det politiske styret i Helse Sunnmøre, vil en oppdage en omfattende rapportmengde om at nedlegging av moderne lokalsykehus er katastrofalt.,da de er effektive og kostnadsbesparende.det er ikke, i nåværende situasjon,mulig å erstatte dette. Fra Nasjonalt senter for legevakt i Bergen, dokumenteres det at det MANGLER 2800 leger for å imøtekomme fastlegeordningen.Hvordan da kompensere for lokalsykehusene.videre mangler det kompetanse med annet faghelsepersonell i kommunene, blant annet fordi mange kommuner i årevis har gått på sparebluss i forhold til oppjustering og etterutdanning av sykepleiere, og ufaglært personell ikke har kompetanse til.Det er heller ikke mulig å bemanne intermediæravdelinger i distriktene, for personale finnes ikke,det er allerede utmagret.
Samlet sett fungerer lokalsykehusene som en førstelinje i distriktet, for folk flest,sykdommer flest, stabilisator for omliggende kommuner.
Det var i denne enden diskusjonen skulle begynne, bevare de små,effektive enhetene, tilpasset i både det økonomiske systemet,"økosystemet" ,distriktets behov, og geografiske forhold.Tar en økonom Scumacher sitt budskap på alvor, er de små, tilpassede enhetene som bør taes vare på og som er de mest kostnadsbesparende på samfunnet, de mest effektive, og med stabil kompetanse.
Om ikke byråkratiske,ineffektive ytre storsystem sluker de i sin ineffektive måte å prøve å styre samfunnet på, som er langt dyrere og til ulempe for de som berøres,i dette tilfelle kommuner, pasienten og pårørende som må ta støyten.Med den infrastrruktur som er utviklet, og kommende infrastruktur påbegynt og snart ferdigstilt ,er det feil tidspunkt å endre strategi i helsevesenet.
Det som nå skjer, er en katastrofe.
Innsendt av Økonom 30.05.2010 00:13:49 Varsle!
Her har styret og politikarar kjempa for å få kontroll over økonomien i helsevesenet.Så legg dei pinade ned dei mest veldrevne,effektive og lønsame spesialiserte sjukehusa i heile sjukehuskjeden, lokalsjukehusa.
Sjukehusa som er tilpassa lidingar til folk flest, spesialiserte for folk flest sine behandlingsbehov og fødeavdelingar i distrikta.Dei framstiller det som det er for "dyrt", medan det i realiteten er svært billeg,trygt i distrikta og for folk som nytta den spesialiserte kompetansen til lokalsjukehusa.
Politikaranen skal pinade få merke kva kostnader er når hundretusenvis av pasientar skal 1)Forflyttast lange strekningar.2)Slusast inn på sjukehus til fleire hundre prosent dyrare døgnpris,grunna alt uttsyret og spesialkompetansen som kostar flesk, og som dei fleste av oss ikkje har bruk for meir enn etpar gongar i livet.
Eg har vore på lokalsjukehus 10-12 gongar,skulle eg ha reist til Trondheim hadde det kosta minst to millionar meir for samfunnet i reiseutgifter, liggedøgn og kostnader (grunna liggedøgna er svært dyre og inngår å dekke høgteknologisk utstyr)
Det er fullstndig ubegripeleg at ikkje Helse Sunnmøre for lengst er i gong med å forsterke lokalsjukehuset i Volda.Både for besparelsar i helseøkonomi, og for at folk flest slett ikkje har bruk for annan kompetanse til vanleg.
(Reknestykket om 6 gynekologar kan de gløyme, fire er nok, grunna at vakta ikkje er aktiv heile døgnet)
Lokalpolitikarar er so hjerne vaska at dei ikkje klarer dissens og lyttat til fagfolka og folkeviljen her.Det heile er ei djup tragedie for økonomien både på kort og lang sikt..
Samhandlingsforma er førebels knapt verdt papiret det er skreve på, og det vil ta tiår før den er klar for implementering og gjennomføring.I samhandlins-reforma er den økonomiske modellen at komunnene kun får tilført pengar om dei ikkje legg pasienten inn på sjukehus.Det heile er svært prematurt og lite å bygge den helsepolitiske framtida på for den enkelte pasient.Ikkje gjennomførbar.Lokalsjukehuset er distriktet sin buffer for pasientane, og vil vere det i lang tid framover.SÅ:STÅ PÅ SØRE!
Innsendt av KurtInge Brudevoll 29.05.2010 22:46:39 Varsle!
Slik som det ser ut i dag så blir det lagt opp til att alt skal vekk i frå bygdene og heller førast inni dei større byane. Det er heilt vanvittigt det som vi blir belasta med her i "utkantane". Men vi sitte her og blir utsett for det eine og det andre medan vi samtidigt betaler våre skatter og avgifter. Kvifor ikkje samle oss å la være og betale våre skatter i protester mott alt dette som dei trykker nedover oss? For vi er akkurat like mykje verdt alle vi her ute som dei som sitter inne i dei større "tettsteda" slik som Ålesund. Kommer fra føden i Volda i går der eg fekk oppleve å bli far til enda et barn, og den servicen og tryggheten som Volda Sjukehus sitt personale gir der kan ikkje beskrives med ord, den er berre heilt fantastisk :-)
Innsendt av Veit ikkje 29.05.2010 20:25:50 Varsle!
Har aldri skapt god debatt.
Innsendt av Dette feltet er nødvendig Dette feltet er nødvendig 29.05.2010 19:18:48 Varsle!
Det er mange måter å regne på, men hvordan kan man regne med å spare penger på å legge ned selve grunnmuren i et samfunn? Skjønner de ikke at dette vil få katastrofale virkninger for Volda og omegn? Hva vil det koste at folk ikke vil bo der i fremtiden? Fraflytting og forgubbing, det blir resultatet.
Men dette er i tråd med regjeringens politikk; Legg ned alt i "grisgrendte" strøk, for mange av politikerne i regjeringen så vil dette si alt nord for sinsenkrysset, og sentralisert alt og alle til storbyene. De vil ikke ha folk på bygder og i utkant-Norge. Vi koster for mye....Men spør regjeringen om hvor verdiskapingen er størst i landet, hvor de store inntekten kommer fra. Det er iallefall ikke sør for sinsenkrysset.Innsendt av Olav 29.05.2010 15:39:49 Varsle!
Spør du meg, synes eg det er heilt idiotisk å ha ein fagdirektør som er mest opptatt av oppbygginga av St. Olav i Trondheim! Det skin klart igjennom at han arbeider for å få mest muleg pengar til dette sjukehuset! Er ikke dette å sette bukken til å passe havresekken?
Innsendt av Eva kolås 29.05.2010 15:12:53 Varsle!
Når ein snakkar med brukerane og dei aller fleste politikerane så ønsker dei å behalde Volda sykehus med dei funksjonane som det har i dag.
Men det ser det ikkje ut som om dei forstår i Helse Mitt-Norge.
Eg huska på slutten av 80 talet då vi slost i politisk samanheng for å berge fødestua i Ulsteinvik.Argumenta som den gangen blei brukt var at ved sykehuset i Volda er der fødeavdeling og akuttfunksjona som dei fødande MÅ ha.Og snart kjem eiksunsambandet og bitt kommuna saman. Kven skulle tru den gangen at vi nokre år fram i tid skulle måtte SLOST for å berge tilbuda ved sykehuset vårt. Det er forbanna iriterande, at det ser ut som om denne prosessen går sin gang uansett kva som blir gjort,sagt og meint........
Innsendt av Alvoret har senka seg 29.05.2010 13:21:05 Varsle!
Kvifor er det ingen folkevalgte som seier noko?
Er dei redde, eller tilhøyrer dei fienden?Tør ingen gje seg til kjenne?Det er mange nok velgarar på Søre sunnmøre til å skape eller knuse ei politikarkarriere. Truleg er det lurt å vise kven ein er no.Tør de å la det vere?
No er det alvor.
Innsendt av Eilertsen 29.05.2010 13:16:02 Varsle!
Kanskje på tide å tenke sjølve, kven vi stemmer på og kven dei (politikarar) tilsetter i dei ulike foretak.
Når offentlig helse har blitt butikk er det noken som må tape... kundane. Regner med Rema 1000 og Kiwi starter lokalsjukehus, for dette er big bissniss, så berre hold ut så lenge. Det offentlige vil 100% sikkert kjøpe tjenestene dei vil tilby....Innsendt av brit selvik larsen 29.05.2010 12:40:14 Varsle!
hvis politikerne legger ned Volda sykehus ligger de tynt ann. klart vi skal ha det flotte sykehuset med den gode kompetansen det har. jeg kan takke volda sykehus for jeg lever i dag,og det er ikke bare jeg som kan det, her må vi kjempe sammen foe å beholde det livsviktige sykehuset vårt.ikke prøv dere.
