Politiet bekreftar at det er den sakna mannen som vart funnen omkomen i Ørsta mandag kveld.
Endret: 31.05.2010 kl. 22:02
Ein mann vart mandag kveld funnen omkomen i området der store styrkar har leita etter ein sakna mann i 20-åra frå Ørsta.
Litt etter klokka 19 kunne mannskap ved helikopteret observere ein livlaus person i bratt og ulendt terreng nedanfor Okla.
- Ambulansehelikopteret har brakt personen ned, og personen er erklært død, seier operasjonsleiar Magne Tjønnøy ved Sunnmøre politidistrikt til Smp.no.
Mannen ble seint mandag identifisert og politiet bekreftar at det dreiar seg om den sakna mannen.
Familien var i kontakt med mannen mandag, men han møtte ikkje på jobb. Ved 13-tida vart han meld sakna av familien. Bilen hans var tidleg funnen parkert ved Rystefeltet.
Meir enn 50 personar deltok i leiteaksjonen, både frivillige, Røde Kors og fleire hundeekvipasjar.
Politiet leia aksjonen på staden og eit redningshelikopter frå Florø var med i leitinga tidlegare i på dagen.
Det vart leita i området ved Osdalen, og etterkvart vart aksjonen utvida med søk frå Helgatun på Krøvelseidet til Melshornet, Turnhytta/Dinglavatnet, Vardehornet og over til Rystefeltet, ifølge avisa Møre.
