Padla Bergen - Ulsteinvik

Kajakk-kameratane

Slekt og vener hadde møtt opp for å ta mot dei tre padlarane då dei kom til Ulsteinvik laurdag.
Foto: Gunnar Wiik
Slekt og vener hadde møtt opp for å ta mot dei tre padlarane då dei kom til Ulsteinvik laurdag. Foto: Gunnar Wiik

Møtt med jordbær og sprudlevatn å ha padla Bergen - Ulsteinvik på åtte døgn.

Publisert: 13.06.2010 kl. 14:54
Endret: 13.06.2010 kl. 15:09

Vi er vel litt nysgjerrige av natur

Magnus Hatløy, spenningssøkar

Magnus Hatløy frå Ulsteinvik, Øyvind Hagen frå Larsnes og Bård Fyhn frå Sørreisa la laurdag 5. juni ut frå frå Bryggen i Bergen i lånte kajakkar.

Varm mottaking

Dei tre ankom Geileneset i Ulsteinvik klokka 18:15 laurdag. Slekt og venner var møtt fram. Ingen raud løpar var rulla ut, men ferske jordbær og kald, sprudlande cider i champagneglas såg ikkje ut til å vere noko dårleg alternativ.

Etter ein tilbakelagt distanse på 160 nautiske mil, eller om lag 300 kilometer sette dei stor pris på mottakinga.

- Kvifor padle Bergen - Ulsteinvik?

- Vi er ofte på tur i lag. Vi likar å ha eit større, årleg prosjekt å strekke oss imot. Det har blitt mest fjellturar og sykkelturar hittil. I 2008 gjekk vi rundt Hjørundfjorden, samanhengande. I fjor sykla vi heim. No ville vi prøve å padle, forklarer Øyvind Hagen frå Larsnes.

Handemakt

- Vi er vel litt nysgjerrige av natur, og synest det er spennande i seg sjølv å få eit nærare forhold til avstanden heim. Det vanlegaste i dag er jo å ta bil, båt eller fly på slike avstandar som dette, men det blir ei heilt anna reise når ein må bevege seg for eigen maskin, seier Magnus Hatløy, som legg til:

- Men det aller viktigaste for oss er fellesskapet. Dele opplevingane, fyre opp bål, spise, prate. Vi kjem nærare kvarandre; kameratskapet blir sterkare. Ein kjem også tett på naturen. Det er noko eige å oppleve soloppgang og solnedgang på ein tur som dette. Vi har padla i lag med niser. Vi har sett oter, sel og havørn. Og sjølvsagt mange forskjellige slags sjøfugl.

Trygg seilas

På spørsmål om korleis det var å runde vérharde Stad i kajakk, svarar dei tre kameratane at det var heilt udramatisk.

Dei tre har også blogga om turen undervegs.

Meir detaljerte skildringar frå turen vil bli publisert i ein eigen reportasje i Sunnmørsposten seinare i sommar.

Diskuter denne saken

Innsendt av Også padler 13.06.2010 19:20:20 Varsle!

Ein inspirerande gjeng.Tok de mange flotte bilde?Kunne godt tenkje meg ein kveld på Hareidsstemna, på Årvakmuseet med bilder frå turen.Korleis oppførte kajakken seg.Padla de langt frå land?Tok andre båtar hensyn?

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Nyheter fra Sunnmørsposten - Nordvestlandets største avis ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

Magnus Hatløy frå Ulsteinvik, Øyvind Hagen frå Larsnes og Bård Fyhn frå Sørreisa brukte åtte døgn på å padle distansen Bergen - Ulsteinvik. Foto: Gunnar Wiik

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer