– Indre sentrum i Volda er den same som då eg var raudruss i 1972. Dessverre.
Endret: 20.06.2010 kl. 19:14
Rune Håndlykken er hyra inn av Volda kommune som pådrivar for nytt kulturhus. Volda-folket er utolmodige etter at det noko diffuse Egget-prosjektet rann ut i sanden etter ei snart ti år lang og kaotisk ørkenvandring.
– Prosjektet enda i splid. Men no ser vi framover, seier Håndlykken, som gjennom firmaet Kulturhusplan DA har planlagt ei rekkje kulturhus dei siste femten åra.
I skrivande stund er han involvert i prosjekt i Sandnessjøen, Stjørdal, Volda, Sortland, Os, Hamar, Kongsberg og Mandal.
Kyrkjegardspreg.
Håndlykken håper eit nytt kulturhus og hotell kan vere med og blåse liv i sentrum.
– Volda har vakse oppe i liane, men sentrum har stagnert. Volda kyrkje med kyrkjegarden er ein viktig del av sentrum, men vi må ikkje la resten av sentrum få kyrkjegardspreg, seier Håndlykken.
Han er lut lei av «grøne lunger» midt i sentrum.
– Vi har ikkje akkurat mangel på grøntareal på Sunnmøre! Nei, det må til ei massiv fortetting av sentrum – berre rådhuskvartalet har plass til 30.000 kvadratmeter ny bygningsmasse, og det må gå an å byggje meir i høgda. Først då kan Volda utvikle seg til ein moderne bygdeby.
Ingen rik onkel.
Mangel på lokale investorar som vil investere store pengar i sentrum er ein del av problemet.
– Ingen store investorar utanfrå kjem og byggjer hotell i Volda. Berre Thon kan finne på det. Nei, her trengst ei gruppe lokale investorar, store og små. Også på kulturhusbiten, for dette klarer ikkje kommunen åleine, seier Håndlykken.
Allianse.
Han er no i gang med å intervjue framtidige brukarar av kulturhus for å danne seg eit bilete av kva det er behov for.
– Førre prosess enda i strid. Alle stader der dei har lukkast med slike prosjekt, har det vore godt samarbeid og opne kanalar i alle retningar. Slikt som dette får ein aldri til når det er strid og konflikt.
I august/september presenterer han «funna» sine til politikarane.
– Løyver dei då planleggingsmidlar for 2011, og innarbeider arbeidet vidare i økonomiplanen, går vi vidare, seier Håndlykken.
Fjorden.
Han meiner det ville ha gjort seg med kulturhus og hotell ved fjorden, men vil ikkje vere absolutt.
– Men anlegget må liggje i indre sentrum. Og vi bør utlyse ein konkurranse om løysinga, både når det gjeld lokalisering og drift, seier Håndlykken, som veit at det vil hive seg på i alle fall eit par lokale grupperingar.
Diskuter denne saken
Innsendt av Heia Volda 21.06.2010 16:46:42 Varsle!
Med så mange studenter skulle det være mulig å lage mye mer urbanisering i Volda. Viktig å utvikle mer sentrum - spesielt havnen og det området.
Innsendt av BYGG KUN PÅ EIGD TOMTnår kommune og skattepengar er involvert 21.06.2010 09:53:47 Varsle!
Ingen ting skal på bygsla grunn av offentlege bygg og mine SKATTEPENGAR Framtidige voldingar vert "gislar" og vert butne av uoversiktlege framtidige bygslepengar.
Sjokket kom då Uppheimshuset,eit lavterskeltilbod for born/unge/eldre/folk i alle aldrar, av GRUNNEIGAR HØGA FESTEAVGIFTA til 125 000 kroner PR ÅR!.Utan mulighet for kommunen å kjøpe tomta.Rett før hadde "jordeigarar" stått fram og ville leige tomt til Innovatabygningane for kr. 1 i 20 år(same taktikken som Uppheim er bygd på).Eg miste nattesvevnen når eg tenkjer på festeavgift når det sto ferdig bygg til titalls millionar. Runering av framtidige Voldingar sine skattepengar,volda kommune, og sikra pensjon til jordeigarar både denne generasjonen og komande etterkomarar til desse.
Slk har "utvikling" i Volda tatt ei naturleg vending,den har stoppa opp.
Innsendt av haarz 21.06.2010 09:35:26 Varsle!
Det har jo trass alt skjedd ein del i Volda sentrum sidan 1972. Uppheimsparken med musikkpaviljongen er blitt ei perle,og det flotte bankbygget og kyrkja gjer området unikt på Sunnmøre. Innan eitt år kjem nye bygg i Hamnegata,med "bryggefasade" mot småbåthamna. Siste åra har vi fått
Spinneriet og ei trivelig Snippe-gate,med koselige smau for dei gåande.På Skjellebreia har nye bygningar gitt nye forretningar,med bl.a. Europris, Eurospar og Senator. Og det er på gang utviding av kjøpesenteret Spinneriet.
Vved innkjøringa til sentrum har kiropraktorbygget pynta opp på ein god måte.

