Tunnelglede

Takk for Innsatsen! Bygdefolket synest Rolf Stormo og dei andre tunnel- og vegbyggjarane har gjort ein glimrande jobb. Bygda er her representert ved f.v.: Marita Bett Jensen, Siri Roseth Viddal, Jarle Myklebust, Cecilie Rørstad, Oddhild Saure Bogen og barna til Cecilie, Inga og Bård.
Foto: Svein Nordal
Takk for Innsatsen! Bygdefolket synest Rolf Stormo og dei andre tunnel- og vegbyggjarane har gjort ein glimrande jobb. Bygda er her representert ved f.v.: Marita Bett Jensen, Siri Roseth Viddal, Jarle Myklebust, Cecilie Rørstad, Oddhild Saure Bogen og barna til Cecilie, Inga og Bård. Foto: Svein Nordal

Laurdag opnar den etterlengta Leiratunnelen (1953 meter) mellom Leira og Bjørke inst i Hjørundfjorden.

Svein Nordal
Publisert: 24.06.2010 kl. 07:23
Endret: 24.06.2010 kl. 07:57

Dermed er det slutt på årevis med frykt for steinsprang frå den livsfarlege fjellsida ovanfor gamlevegen. Steinspranga har kravd eitt menneskeliv, og for fire – fem år sidan var fjellsida ekstra ustabil.

– Åtte steinras gjekk det på eitt år. Det største var sytti meter breitt, seier Jarle Myklebust.

– Folk vegra seg mot å kome på besøk. Fjellsida var for utrygg, seier Siri Roseth Viddal frå Viddal.

Etableringslyst.

Men no er det berre fryd og glede.

– Ja, med tunnel og trygg veg vert det truleg enklare å få folk til å etablere seg her i bygdene våre, trur Oddhild Saure Bogen.

Ikkje på grunn av Leiratunnelen åleine, – men i kombinasjon med Kvivsvegen, som opnar om to år.

– Vi kjem midt i smørauget då. På 35 minutt kjem vi oss heilt til Stryn. Faktisk vert vi nærare Stryn enn vårt eige kommunesenter Ørsta, slår Jarle Myklebust fast.

Kontrasten vert stor til forholda for nokre år sidan, då ein smal, svingete og ofte gjørmete veg var einaste veg til og frå området. Og for folket på Viddal og Leira i kombinasjon med det rotne og rasfarlege fjellet.

Turistbygd.

Optimismen rår på Bjørke no. Dei ser også føre seg ei framtid som turistbygd, med hol i fjellet til Stryn, der det som kjent er hordar av turistar innom kvart einaste år.

– Då står eg med kaffikanna klar, seier Marita Bett Jensen, som satsar på turisme i Bakketunet på Bjørke, Sunnmøre sitt eldste gardstun.

– Området vert meir attraktivt på alle måtar, ikkje berre for oss fastbuande. Vi merkar allereie effekt av Kvivsvegen, med auka sal av hyttetomter, og stadig fleire som tek turen hit, seier Myklebust.

Folkefest.

For å vise kor stor pris dei set på at storsamfunnet satsar så mykje pengar i bygda deira, arrangerer Bjørke-folket fest i tre dagar til endes.

Det heile startar fredag, med samkome i Notanaustet, som har vorte restaurert på dugnad sidan 1992.

Rønnaug Kleiva, som er festspeldiktar på Dei Nynorske Festspela denne helga, les frå eigne bøker.

Laurdag opnar tunnelen, men før det vert det tunnelmarsj med song og korps, og deretter opning av tunnelen ved fylkesordførar Olav Bratland og barn frå bygda.

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Nyheter fra Sunnmørsposten - Nordvestlandets største avis ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

Silje inspirert av Japan

Stryning debuterar på møbelmessa i Stockholm. Les mer

Tøffelhelt i Mongolia

Se lydbildeserie og les reportasjen om Ingar Eide - om tro, tøfler og et vakkert, men nådeløst land. Les mer

Rekdal: – MÅ ha en målfarlig spiss

Sju mål på La Manga er ikke nok til at AaFK-treneren avblåser spissjakten. Les mer

Må velje mellom Eir (3) og arbeid

Reglane for å få pleiepengar er stramma inn. Les meir 4 kommentarer