Søndag er det Seljumannamesse i Selje kloster. 17 pilegrimar går ei veke for å nå målet.
Endret: 02.07.2010 kl. 11:48
– Dette er ei reise som er god for både kropp og sjel, seier sokneprest Kari Leine Balog i Selje.
Måndag starta ho og 16 andre pilegrimar på turen frå Kinn til Selje. Søndag er dei framme. Då har dei delvis gått, delvis nytta båt på turen nordover.
– Det er ein fantastisk tur i fantastisk natur. Langt fleire burde vore med, seier ho.
Få lokale
Av dei 17 er det berre Selje-presten som er busett i Nordfjord eller Sunnfjord. Hovudtyngda av pilegrimane kjem frå det indre Austlandet. Leine Balog er litt forundra over dette.
– Kanskje vegen er for kjend for folk frå regionen?
Kari Leine Balog har vore av pådrivarane for å gjere den gamle pilegrimsvegen frå Kinn til Selje kjend. Pilegrimsleia tek utgangspunktet i legenda om St. Sunniva og Seljumennene.
– Kysten var den vanlegaste og viktigaste ferdselsåra i mellomalderen, og var dermed den viktigaste pilegrimsvegen i landet. Å ha ei slik vandring langs kysten er unikt i både norsk og internasjonal samanheng, seier Leine Balog.
Årvisst
Ho viser til at både Kinn og Selje er naturlege stoppestader for kystleia til Nidaros: – Målet er at denne pilegrimsvandringa til Selje skal verte årleg.
Ho fortel at mellom dei 17 er kvinnene i overvekt, og at det i stor grad er eldre folk som deltek.
– Vi har ein spreking på 78 år, men dei fleste andre er 50 +.
Fast mål
Ho er sjølv ein aktiv pilegrim, og håpar at fleire vil oppleve det unike med pilegrims-#<\n>vandringar.
– Heile livet er ei reise med mange utfordringar. Slik er det også på ei pilegrimsvandring, men her har vi eit fast mål med reisa. Slik bør det også vere i livet.
Fredag skal pilegrimane gå til Oldeide, ta ferje til Måløy, vandre over Måløybrua til Deknepollen og ta båt vidare til Ulvesund fyr. Overnattinga skjer på fyret og i eit skulehus.
– Vi vert skikkeleg samansveisa på ei pilegrimsvandring, seier Kari Leine Balog.
Sølvguttene
Ho opplyser at frå laurdag er det ope for at andre kan slutte seg til vandringa. Då går turen frå Fjordly på Bryggja, via Rimstaddalen og til Selje. Her vert det overnatting i prestegarden, før heile pilegrimsfølgjet skal delta i konsert med Sølvguttene i Selje kyrkje laurdagskvelden.
Søndag er det Seljumannamesse i Selje kloster, der pilegrimane skal vere med i inngangsprosesjonen til messa.
