Slepp å eige rottehus

Harald Vilnes Holstad og Linda Holstad gjekk rettens veg for å heve kjøpet av huset som viste seg å vere infisert av rotter. Her saman med borna Dina-Louise, Sander og Anna-Elisabeth.
Foto: Marie Flatin
Harald Vilnes Holstad og Linda Holstad gjekk rettens veg for å heve kjøpet av huset som viste seg å vere infisert av rotter. Her saman med borna Dina-Louise, Sander og Anna-Elisabeth. Foto: Marie Flatin

Husdraumen vart eit mareritt då det viste seg at huset var fullt av rotter. No får Linda Elisabeth Holstad og Harald Vilnes Holstad heve kjøpet.

Mobil: 90201234
Publisert: 09.07.2010 kl. 13:30
Endret: 09.07.2010 kl. 13:37

Søre Sunnmøre tingrett har avgjort at Hareid-paret får heve kjøpet av eigedomen i Haugsbygda i Sande, ein eigedom paret kjøpte i april 2009 til ein prislapp på vel 1,2 millionar kroner.

Les også: Mareritt i rottehus

Seljarane Arjan og Gisella Bisschop er samstundes dømde til å betale tilbake kjøpesummen gjennom selskapet Am Trust International Underwriters Ltd, der paret har eigarskifteforsikring.

I tillegg må det hollandske paret betale sakskostnadene på 231.181 kroner.

Sjølv om kjøparane kjøpte huset «som det er», meiner retten at det etter avhendingslova i dette tilfellet har skjedd eit vesentleg avtalebrot. Retten viser til at det vil koste fleire hundre tusen å reparere skadene etter rotteangrepet, noko retten meiner er vesentleg.

Retten legg også vekt på at rotter etter sin art utgjer ein spesiell ekkel mangel som det knyter seg sterkt ubehag til å ha i hus.

Retten meiner at denne belastninga ikkje nødvendigvis vil forsvinne sjølv om skadane vert utbetra.

Huskjøparane kravde også erstatning, men fekk her ikkje medhald av retten, som trudde på seljarane når dei forklarte at dei var ukjende med at det var rotter i huset.

Harald Vilnes Holstad syner noko av skadene ved huset då Sunnmørsposten møtte familien i fjor. Foto: Marie Flatin

Relaterte artikler

På forsiden nå

- Finn frem flagget!

Håper på 2-3000 under tidenes første landskamp på Color Line stadion. Les mer 3 kommentarer

Gutt tilsto overgrep mot åtteåring

En gutt under den kriminelle lavalder har innrømmet overgrepet mot en åtteåring på Skøyen i Oslo tirsdag. Les mer

Lite vatn i kraftmagasina

Vi er avhengige av betydelige mengder med nedbør i løpet av høst, vinter og vår for å slippe å komme i en kritisk kraftforsyningssituasjon. Les mer