John (22) frå Kenya utklassa alle på Saudehornet Rett Opp i Ørsta. Men mot seg sjølv kom han til kort.
Endret: 07.08.2010 kl. 23:04
- Ja, eg sprang fem sekund raskare i fjor. Akkurat det er litt irriterande, sa John Sombol, som i år sprang frå Ørsta sentrum til det 1303 meter høge Saudehornet på 49 minutt og 53 sekund, altså fem sekund saktare enn i fjor.
Ikkje rekord
Då han passerte drikkestasjonen ved Vallahornet (800 m.o.h.) viste tida 31 minutt, og då var det enkelte som lurte på om han kunne slå no avdøde Jon Tvedt sin rekord. Men Sombol var ikkje i nærheita av det, og vart klokka inn to minutt etter Tvedt sin rekord.
Springfjør
Nummer to og tre var trønderen Ola Berger og Johan Bugge frå Eidsvågen. Dei to kom i mål tre minutt etter vinnaren.
- Vi måtte berre la han gå heilt nede i sentrum. Det er som å springe mot ei springfjør, sa Berger.
- Det er uråd å følgje han?
- Ja. Vi har fysikken mot oss, seier Berger, som bør vite det, for han er for tida turnuslege. I alt deltok 85 personar i konkurranseklassen, og dameklassa vart suverent vunnen av Therese Sjursen frå Fana.
Lokale
Saudehornet Rett Opp vart i år arrangert for åttande gong, og det var reine folkevandringa opp mot den bratte tinden. Hundrevis av menneske frå førskulealder til åttiåra tok turen denne vakre sommardagen.
