Eid-ordførar refsar helseføretak

Ordførar Sonja Edvardsen påpeiker at endeleg vedtak for strategiprosessen ikkje venta før seint i haust eller til våren 2011.
Foto: Anne-Mari Tomasgard
Ordførar Sonja Edvardsen påpeiker at endeleg vedtak for strategiprosessen ikkje venta før seint i haust eller til våren 2011. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Eid-ordføraren meiner nedbygginga av Nordfjord sjukehus i praksis har starta.

Mobil: 90736774
Publisert: 31.08.2010 kl. 19:31
Endret: 31.08.2010 kl. 19:39

Ordførar Sonja Edvardsen i Eid reagerer kraftig på at Helse Førde denne veka la ned eit operasjonsteam ved Nordfjord sjukehus.

I eit brev til Helse Vest ved styreleiar Oddvar Nilsen påpeiker ho at strategiprosessen for framtidas sjukehusdrift enno ikkje er endeleg vedteken.

- Ved å legge ned eit operasjonsteam ved Nordfjord sjukehus har ein i praksis starta nedbygginga av sjukehuset til eit medisinsk senter i tråd med strategiplanen, skriv ordføraren i brevet.

Ho påpeiker at dette er i strid med føringane som er gitt frå sentrale myndigheiter, og meiner heile prosessen gir lite reell medverknad frå kommunane si side.

Les også: Dommedag for Nordfjord sjukehus

Godtar ikkje argument

Edvardsen går og i rette med Helse Førde for grunngjevinga for å legge ned operasjonsteamet – nemleg dårleg kapasitetsutnytting.

Ifølgje ordføraren er dette ein situasjon helseføretaket sjølv har skapt ved å flytte oppgåver frå Nordfjord til Sentralsjukehuset i Førde.

Dyr vikarbruk er óg mellom argumenta, noko Edvardsen meiner ikkje kan stemme – og ber Helse Vest klare opp i dette.

Mange ventelistebrot

- Frå Nordfjord kan det synast som det er viktigare å betre kapasitetsutnyttinga ved Sentralsjukehuset enn å arbeide systematisk med ventelistene og ta omsyn til behovet i Sogn og Fjordane, skriv ordføraren vidare.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane var det over 700 ventelistebrot i Helse Førde berre i juli månad.

På forsiden nå

Tester «månelanding» for Ormen

Nyhamna i Aukra har et av verdens største testlaboratorium. Og trolig det dyreste. Les mer

– Ei redningsbragd av dei heilt store

Dei trudde sjølve det var umogleg, og er djupt imponerte over at Sea King-mannskapet makta å finne og berge livet til den islandske fiskaren Eirikur Ingi Jóhansson. Les mer

Fem gode torskeår

Femårsvarsel for fiskebestandane lagt fram. Les mer