Dobbelt opp med festivalar

Ekteparet Karl Petter Sortehaug og Mona-Grethe Ryssevik er sentrale i kvar sin festival i Fosnavåg i helga: Makrellfestival for dei vaksne og Pirfestival for ungdomen.
Foto: Marius Rosbach
Ekteparet Karl Petter Sortehaug og Mona-Grethe Ryssevik er sentrale i kvar sin festival i Fosnavåg i helga: Makrellfestival for dei vaksne og Pirfestival for ungdomen. Foto: Marius Rosbach

I helga er det klart for både Makrell- og Pirfestival i Fosnavåg.

Mobil: 90736774
Publisert: 02.09.2010 kl. 15:16
Endret: 02.09.2010 kl. 17:51

Folk i Fosnavåg får både i pose og sekk når det vert arrangert festival i helga: Makrellfestival for dei vaksne og Pirfestival for ungdomen.

Allereie fredag startar Makrellfestivalen med fiskerikonferanse og hyggekveld på kaia - før det går slag i slag heile laurdagen med maritim messe, spennande fiskeretter - og sjølvsagd - musikk og moro.

Men dei som er på jakt etter tivoli og hurtigmat vert truleg skuffa:
- Vi har fokus på fisken som mat, tradisjon og kultur, fortel Karl Petter Sortehaug som er med på arrangørsida.

6500 besøkande i fjor

Makrellfestivalen vart arrangert for første gong i fjor - og trakk om lag 6500 besøkande. I år kjem sjølvaste fiskeridirektøren for å delta på konferansen og stå for den offisielle opninga av festivalen laurdag.

I festivalteltet vert det bydd på ulike smakar frå kysten mellom anna i regi av Slow Food Sunnmøre og den anerkjende kokken Hanna Frosta. Der vert óg eige telt med maritim messe med ulike leverandørar til den maritime næringa.

- Årets festival har vorte mykje meir omfattande og vi ønskjer å gjenskape noko av den gamle marknadskjensla på kaia, held Sortehaug fram.

NM i sensorkasting, familieshow og byvandring er berre noko av det som elles står på programmet.

Hiphop og Klypa-show

Laurdag vert den store dagen for ungdomane med Pirfestival - etter den yngre utgåva av makrellen.

I Herøy kulturhus vert det underhaldning heile kvelden med Kjell «Kjellen» Bigset frå Klypa, hiphop-gruppa Robin og Bugge og dei lokale banda Coma, Blodig Alvor og Epic Noise på scena. I siste lita har óg rapparen A-Lee, som tidlegare i år var A-lista på NRK P3 med hit-en «World So Cold», vorte klar for Pirfestivalen.

Robin og Bugge tek turen opp med privatfly og vil truleg filme delar av konserten i Herøy. Nokre av desse opptaka kan ende opp i ein musikkvideo frå artistane.

Festivalen som innleiast med crosscart, paintball og volleyballturnering tidlegare på dagen er for ungdomar frå 8. klasse.

Rusfritt

Ungdomsarbeidar Mona-Grethe Ryssevik i Herøy påpeiker at det heile er eit rusfritt arrangement.

- Det vert i trygge former og vi har leigd inn profesjonelle vektarar. I fjor kom det 450 ungdomar og etter det eg hugser var det éin person vi mistenkte for å ha drukke alkohol, påpeiker ho.

Etter arrangementet vert det muleg for ungdomane å få skyss med buss heim att.

Ryssevik er full av lovord over det lokale næringslivet som har gått inn og støtta festivalen: - Betalinga vert mest symbolsk. Vi hadde aldri klart å arrangere noko slikt utan deira hjelp, avsluttar ho.

 

Skriv din kommentar

Tittel *

Kommentar *

Fornavn *

Etternavn *

e-post *

Kallenavn (valgfritt)

Nyheter fra Sunnmørsposten - Nordvestlandets største avis ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

På forsiden nå

Silje inspirert av Japan

Stryning debuterar på møbelmessa i Stockholm. Les mer

Tøffelhelt i Mongolia

Se lydbildeserie og les reportasjen om Ingar Eide - om tro, tøfler og et vakkert, men nådeløst land. Les mer

Rekdal: – MÅ ha en målfarlig spiss

Sju mål på La Manga er ikke nok til at AaFK-treneren avblåser spissjakten. Les mer

Må velje mellom Eir (3) og arbeid

Reglane for å få pleiepengar er stramma inn. Les meir 4 kommentarer