(Foto: Knut Arne Aarset)

Foto: Knut Arne Aarset

God økonomi for festspela

Dei nynorske festspela heldt seg innanfor budsjettet førebels - og vel så det.

Medan mange festivalar slit med økonomien, tyder dei førebelse tala for Dei nynorske festspela på det motsette. I år fekk festspela 23 % høgare billettinntekter og 14 % fleire gjester enn budsjettert.

Totalt møtte om lag 6.400 opp på dei 53 arrangementa, som gjekk føre frå torsdag til søndag førre veke.

– Omsetninga i kafeen og butikken i Ivar Aasen-tunet var svært god, og kostnadene har vore under kontroll, seier Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum som arrangerer festspela, til smp.no.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

God økonomistyring

Endeleg rekneskap er først klart i september, så heilt sikker på overskot kan ein ikkje vere.

– Ein veit jo aldri, men eg vil bli svært overraska viss vi ikkje går i pluss. Vi har god økonomistyring, seier Grepstad.

– Kvalitet, kroner og nøgde gjester er ein slitesterk modell for ein festival som vår, meiner han.

Norsk breidde

Arrangørane forklarer suksessen med eit variert program.

– Vår forklaring er at Dei nynorske festspela kombinerer så mange kunstnarlege uttrykk. Vi har både musikk, litteratur, dans og biletkunst i programmet, det er det ikkje mange som har, seier Grepstad.

I tillegg er jo kjærleik, som var tema i år, lett å lage program om.

Programansvarleg Åshild Widerøe er særleg stolt av ei tverrkunstnarleg danseframsyning skapt av Solveig Styve Holte laurdag. Opningskonserten torsdag med Kari, Ola og Lars Bremnes samla heile 708 gjester. Eit tredje høgdepunkt var ein litterær konsert med Bodil Cappelen og Sigrid Moldestad bygd over brev og dikt av Olav H. Hauge.

– Den magiske stunda er ei av dei ypparste i festspelhistoria, seier Widerøe.

Les fleire nyheiter frå Nordfjord og Søre Sunnmøre på smp.no

Intellektuelt publikum

Grepstad var på si side også imponert over oppmøtet på søndagens samtale med Arnfinn Haram og Paul Otto Brunstad, som tok føre seg temaet «Kor død er Gud i litteraturen på ein skala frå ein til ti?».

Salen var så full av folk som han kunne bli.

– Dette var ein utprega intellektuell samtale, og det er flott å sjå at folk tar til seg denne type arrangement også, seier Grepstad.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Forsiden nå:

Inviterer til åpent møte i bystyresalen mandag kveld

Alt du vil vite om bad og heis

Vil du vite mer om badeland, boligblokker og heis til Fjellstua? Da er bystyresalen stedet mandag kveld.

Vogntog har køyrd utfor vegen

Ein lastebil har køyrd utfor vegen i Hornindal, melder Vest politidistrikt på twitter.

Serierunden

Se høydepunktene fra Sarpsborg-Aalesund

VIDEO: AaFK-profilen ble utvist etter dette

Slik vurderes AaFK-spillerne etter nedturen i Sarpsborg

Bare én fikk 6-er

Se reaksjonene etter kampen

Se de første intervjuene med spillere og trenere etter kveldens kamp på Sarpsborg stadion.