(Foto: Knut Arne Aarset)

Foto: Knut Arne Aarset

Heim med Kon Tiki-skjegg

Utstyrte med kvart sitt Thor Heyerdahl-skjegg vende jordomseglarane heim.

– I dag er alt med heimlandet Norge bra! Og dette er faktisk aller første gong på heile turen at vi kjem presis, sa Anders Lundberg (23), Henrik Yksnøy (24) og Rune Fet (23) etter at dei firte segl og klappa til kai nøyaktig klokka 12.00 torsdag.

To tusen mil

Sidan 21. juli i fjor har dei tilbakelagt over to tusen mil, og dei har sigla verda rundt i sin 31 fot lange seglbåt «Fri Inspirasjon». Skuta hadde forresten fått hard medfart på turen, særleg på siste etappe over Atlanteren.

– Så piratar var vi ikkje plaga av. Dei går etter finare båtar, og trudde kanskje vi var kollegaer, flirer karane.

Der dei stod midt i den hurra-ropande og flagg-vaiande mottakskomiteen på flytebryggja i Volda, lengta karane etter fast grunn under føtene.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Hard segling

– Sidan vi forlet Canada 1. juni, har vi hatt berre eitt døgn på land, og det var på Shetland for eit par dagar sidan, fortel Anders.

Det har vore hard segling den siste tida. Etter lang tid i sommarlege strok, sigla dei direkte frå Cuba til Canada, og derifrå direkte heilt til Shetland. Og tysdag byrja siste etappen - frå Shetland til Volda.

Stad i sikte

– Fantastisk å kome heim no. Vi merka det då vi såg Stadlandet i det fjerne. Deretter vart det meir og meir kjende omgjevnader – Rovdefjorden, Liadalsnipa og Voldsfjorden.

– Kva skal de gjere no?

– Treffe vener og familie! Vøle båten – som vert eit røvarkjøp for den nye eigaren – og byrje å studere igjen.

– Ingen ny tur med det første?

– Kanskje ein familietur om femten år? Ein gutetur til med det første vert nok litt for heftig. Men vi har hatt det flott og krangla lite, seier skipper Henrik.

Friske og heldige

Han og Anders har vore med heile vegen, og i løpet av turen har åtte andre vore med kortare eller lengre periodar.

– Ein slik tur er absolutt å anbefale. Vi har vore heldige. Om det er noko som har overraska oss, så er det kor bra dette gjekk. Vi har vore friske heile tida, og ikkje kome ut for større uhell. Båten er rett nok ganske nedsliten no. Og vi har segla utan lanterne eit par veker, men folk har vore veldig gjestfrie og hjelpsame heile vegen, fortel Henrik.

Nattevakt

– Korleis vert det å omstille seg til eit normalt liv etter dette her?

– Hehe, ja, det kan kanskje bli litt tøft, trur karane, som kanskje må rekne med å vakne midt på natta for å gå vakttørn på verandaen. Sjå til at månen heng der han skal, at alt er i orden med nabohusa, og at farvatnet i Voldsfjorden er stilt og fredeleg.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
(Foto: Knut Arne Aarset)

Foto: Knut Arne Aarset

(Foto: Knut Arne Aarset)

Foto: Knut Arne Aarset

Leses nå
 

Forsiden nå: