– Tøv, seier rådmannen

– At Ulstein kommune har skusla vekk 1,8 barnehagekroner på andre ting er tøv.

Det seier Ulstein-rådmann Einar Vik Arset.

– Pengane som Austnes refererer til er ikkje brukte enno. Det er positivt feil at Ulstein kommune har brukt denne summen til noko anna, seier Vik Arset.

Rådmannen opplyser at private barnehagar i Ulstein kan søkje om ekstramidlar i år.

Får full utteljing

I kommunen finst det berre ein kommunal barnehage, den tre-avdeling store Sundgodtmarka barnehage med 70 heile plassar.

– Då vi i Ulstein kommune fordelte barnehagemidlane for 2011, tok vi utgangspunkt i den kommunale barnehagen, og løyvde midlar med denne som mal. Sundgotmarka vert driven svært godt og rasjonelt, seier rådmannen.

Han legg til at begge Austnes sine barnehagar mottek like høg støtte som den kommunal barnehagen, altså full uttelling.

– Det skulle såleis vere minst grunn til å auke satsane i desse barnehagane, seier Vik Arset.

Stordriftsfordel

Han seier alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre fordeler midlar etter same mal.

– Tre-avdelingsbarnehagar kjem heldig ut, medan dei minste barnehagane er dyrare i drift, og har fått ein moderat nedgang i tilskota, seier rådmannen, som sjølv har eit barn i Sætra barnehage.

Siste nyheter

11 fekk bøter

...men likevel mykje fin køyring, melder Utrykningspolitiet.

Asbjørn skal på te til kongen

Asbjørn Flø (81) er en av flere ildsjeler fra hele landet, som er invitert til slottet førstkommende tirsdag.

Fikk kloa i giganthummer

Skulle bli festmåltid, men nå har «Jon von Brutus» får enerom ved Atlanterhavsparken i Ålesund.

Ulstein-drapet: Vil ha skjerpet straff

Aktor Jogeir Nogva mener at den 27 år gamle drapsmannen fra Ulstein må dømmes til 16 års fengsel. Tingretten dømte mannen til 15 år.

Bergsøy reddet plassen

Slik endte kampene i sesongavslutningen i 3. divisjon.

Anmeldelse:

Bestått eksamen, André

«Å sette opp soloshow som komiker er litt som å gå opp til eksamen», skriver Sunnmørspostens Elisabeth Solvang. Hun gir André Ulveseter bestått og vel så det etter fredagens premiere.