(Foto: Skogstad Sport)

Foto: Skogstad Sport

Kuttar ut bokmål

Hittil har Skogstad Sport i Innvik brukt bokmål for å selje sports- og fritidsklede. Heretter blir det på nynorsk.

Etter 70 år i bransjen vel Skogstad Sport AS å bruke nynorsk både i salskatalogen sin, på nettsida si og i all kommunikasjon med kundar.

– Vi er stolte av alt vi gjer. Røtene våre og historia vår er viktig. Og ikkje noko er meir naturleg for oss enn nynorsk, seier sals- og marknadssjef Knut Roger Nesdal.

Ikkje skjemde

Skogstad har base i Innvik i Stryn, og nynorsk er den dominerande målforma i distriktet.

– Vi er ikkje skjemde av at det er der vi kjem frå. Det er eit kvalitetsstempel, seier Nesdal.

Den rykande ferske katalogen med haust- og vinterklede er på veg ut i butikkane, og her er all tekst på nynorsk.

– Vi har ikkje fått negative reaksjonar. Dei som har oppdaga det har gitt god tilbakemelding og er einige i vala vi gjer, fortel Nesdal.

Ungdomssatsing

Samtidig med at bedrifta har teke i bruk nynorsk, lanserer dei også ein ny ungdomskolleksjon som har fått namnet Bre. Også dette er eit val som tek utgangspunkt i lokal identitet og røtene i indre Nordfjord.

Og Nesdal forsikrar at kolleksjonen som er retta mot ungdom også skal marknadsførast på nynorsk.

Kina-tilsette

Skogstad har 24 tilsette her i landet og seks tilsette i Kina.

– Så no blir det nynorsk i Kina også?

– Der blir det nok helst kinesisk, elles blir dei vel ikkje forstått, ler Nesdal og legg til at nynorsk enno ikkje er eit verdsspråk.

Vil bli leiande i landet

Skogstad har ei årleg omsetning på rundt 105 millionar kroner.

– Men vi er i kraftig vekst og vil vekse vidare, seier Nesdal og legg til at dei er i ferd med å tilsetje nye folk og satse vidare på design.

For tida byggjer dei ut såkalla konseptbutikkar over heile landet. Det er ikkje eigne butikkar, men eigne avdelingar i allereie etablerte sportsbutikkar. Slike butikkar er allereie etablert ti stader rundt om i landet, og før jul vil det bli 17. I løpet av første halvår neste år satsar Nesdal på at det blir ytterlegare 25 konseptbutikkar.

– Vi har spenstige mål for dei neste fire åra og satsar på å bli det leiande norske merket, seier Nesdal, utan å ville røpe noko nærare om planane.

Men at det skal skje på nynorsk, det er sikkert.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Inviterer til åpent møte i bystyresalen mandag kveld

Alt du vil vite om bad og heis

Vil du vite mer om badeland, boligblokker og heis til Fjellstua? Da er bystyresalen stedet mandag kveld.

Vogntog har køyrd utfor vegen

Ein lastebil har køyrd utfor vegen i Hornindal, melder Vest politidistrikt på twitter.

Serierunden

Se høydepunktene fra Sarpsborg-Aalesund

VIDEO: AaFK-profilen ble utvist etter dette

Slik vurderes AaFK-spillerne etter nedturen i Sarpsborg

Bare én fikk 6-er

Se reaksjonene etter kampen

Se de første intervjuene med spillere og trenere etter kveldens kamp på Sarpsborg stadion.