TV-suksessen «Lilyhammer» kan bli seld til mange land. Då får endå fleire sjå Lorentz Fannemel (18) frå Hornindal. For han var stuntmann.
Endret: 21.02.2012 kl. 08:27
I ei scene i serien såg vi nemleg skodespelarane Steven Van Zandt og Trond Fausa Aurvåg dytte ein tøff MC-kar utfor Lysgårdsbakken på Lillehammer.
Få veit at det var honndølen Lorentz Fannemel som var stuntmann - saman med Sigurd Søberg.
Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no
Skuleelevar
Dei to er elevar ved Norges Toppidrettsgymnas (NTG) på Lillehammer.
– Trenaren vår vart kontakta av filmselskapet, som lurte på om han hadde to hopparar som kunne vere stuntmenn. Tilfeldigvis kom eg først innom på kontoret til trenaren etter at han hadde fått e-posten, fortel Lorentz.
Om du lurer på etternamnet så kan vi fortelje at han er søskenborn til den førebels litt meir kjende sambygdingen Anders Fannemel.
– Filmfolka trengde to hopparar, for å vere sikker på at dei fekk mange og gode nok opptak å velje imellom - der dei stod med to-tre kamera rundt om i bakken, forklarer Lorentz.
Litt skummelt
Han fortel at dei fekk beskjed om å flakse i veg utfor hoppet og vingle i lufta før dei landa. For det skulle sjå ut om som dei aldri hadde hoppa før.
– Vi vart påkledd tjukk boblejakke og fire stillongsar, slik at vi skulle sjå ut som han MC-karen. Han var jo noko kraftigare enn oss, ler Lorentz Fannemel.
Les fleire kulturnyheiter på smp.no
Han legg til at det var faktisk litt skummelt og uvant å hoppe i så mykje klede i ein halvmørk OL-bakke.
Begge måtte hoppe to-tre hopp kvar før filmfolka etter fleire timar var nøgde.
– Men var det ditt eller Sigurd sitt hopp som til slutt hamna i TV-serien?
– Det greier vi faktisk ikkje å bli einige om. For vi har jo same kleda på oss, så det er ikkje så lett å sjå, seier Lorentz.
Artig serie
Han synest det var artig å få sjå filmfolk i aksjon, og spesielt artig å få møte skodespelaren og musikaren Steven Van Zandt.
– Kva synest du om TV-serien, då?
– Den synest eg er artig. Konseptet er morosamt, så den serien følgjer eg med på. Hoppscenene spela vi inn i fjor vinter, og den dagen eg var med på filminnspelinga hadde eg inga aning om at serien skulle bli så populær, vedgår Lorentz Fannemel.
Men for sin eigen del trur han at filmkarrieren allereie er over.
– Eg tvilar på at eg får fleire oppdrag, seier Lorentz.
Honorar
Det er kjend at det er mykje pengar i filmbransjen. Men den unge honndølen vart ikkje rik på sitt stuntoppdrag
– Vi fekk tusen kroner kvar, fortel Lorentz Fannemel.
