Nytt kloster på Selja

Det store katolske klosteret Fontgombault i Frankrike skal avgjere om dei vil opne kloster på Selja.

Det har i mange år vore arbeidd med å få til eit kloster på Selja i Selje. Då Den ortodokse kyrkja gav beskjed om at dei ikkje lenger var aktuelle, starta Den katolske kyrkja å engasjere seg.

– Vi har alltid hatt lyst til å ha eit kloster på Selja, men har ikkje ville trenge oss på, smiler Ragnhild Aadland Høen, kateket i St. Paul kyrkje i Bergen.

Ettertrakta kloster

Ho fortel at ein er tidleg i prosessen og at det er mykje som skal legge seg til rette, men biskop for Sør-Norge, Bernt Eidsvig, reiser i haust til benediktinarklosteret i Fontgombault i Frankrike, for å legge fram ein offisiell invitasjon til å starte kloster på Selja.

Aadland Høen seier at det ikkje blir benediktinarkloster frå England eller Irland. Der har dei for lite folk og for dårleg økonomi til å starte på Selja. I Fontgombault derimot er det svært mange munkar. Klosteret er populært og det er mange som tek kontakt med dei for å få starte nye kloster – og mange får nei.

Men så langt er ikkje planane om Selja avviste. Nokre prosjekt vert avvist alt i ei innleiande fase, men planane om kloster på Selja har så langt iallfall fått eit kanskje.

Naturleg med Selja

Ragnhild Aadland Høen fortel det er naturleg å tenkje benediktinarkloster. Dei er dei einaste som ikkje har returnert til Norge etter reformasjonen. Det er også fleire grunnar til at ein gjerne vil ha Selja som stad for klosteret.

– Dette er Norges einaste heilage øy. Det er der kyrkja i Norge vart fødd. Og det er einaste stad der det står ruinar av eit benediktarkloster i dag. Det er dermed heilt naturleg å tenkje at ein skal legge eit benediktarkloster til Selja. Det er også slik at det har vorte oppretta kloster fleire stader i Norge siste åra.

– Og no er det Vestlandet sin tur. Dersom det vert noko av planane, så tenkjer ein å bygge eit nybygg på Selja med plass til minst seks personar.

Norsk

Aadland Høen fortel det må vere minst seks munkar for at eit kloster skal verte etablert.

– Og ein ønskjer også at der skal vere norske menn. Det skal ikkje bli nokon fransk satellitt. Om og i tilfelle når det vert nytt kloster på Selja, er det vanskeleg å seie.

– Det kan gå mange år eller det kan gå fort. Ingen veit kor lang tid. Det er det berre Gud som veit. Og så får vi gjere så godt vi kan vi også.

Formannskapet i Selje vart orienterte om klosterplanane i går, og politikarane gav positive signal om at dei ønskjer klosterbygging.

Sjå også: Statstoppar kjem til Selja

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Heilt naturleg å tenke at ein skal legge eit benediktinarkloster til Selja. Ragnhild Aadland Høen

Ragnhild Aadland Høen. (Foto: Pressefoto)

Ragnhild Aadland Høen. Foto: Pressefoto

Siste nyheter

11 fekk bøter

...men likevel mykje fin køyring, melder Utrykningspolitiet.

Asbjørn skal på te til kongen

Asbjørn Flø (81) er en av flere ildsjeler fra hele landet, som er invitert til slottet førstkommende tirsdag.

Fikk kloa i giganthummer

Skulle bli festmåltid, men nå har «Jon von Brutus» får enerom ved Atlanterhavsparken i Ålesund.

Ulstein-drapet: Vil ha skjerpet straff

Aktor Jogeir Nogva mener at den 27 år gamle drapsmannen fra Ulstein må dømmes til 16 års fengsel. Tingretten dømte mannen til 15 år.

Anmeldelse:

Bestått eksamen, André

«Å sette opp soloshow som komiker er litt som å gå opp til eksamen», skriver Sunnmørspostens Elisabeth Solvang. Hun gir André Ulveseter bestått og vel så det etter fredagens premiere.

Mowinckel: - Ble litt for grublende

Likevel kjørte alpinisten ned til sin nest beste plassering i storslalåm i karrieren.

«Røddet» Herd av banen på slutten

Herd må ta den tunge turen ned i 3. divisjon.

Forferda over orddelingsfeil

Reklameveteranar fekk ei uventa tilbakemelding, då dei ville reklamere for eige firma på Google.

Lapper å spare på ei lita endring

Er det fortsatt mange av regningene dine som kommer i posten? Se her.

- Jeg har for mye respekt for bakken

Nina Løseth etter å ha kjørt ut under sesongåpningen i Sölden.

Mæ-bu mæ-bu:

Rykka ut til beitende geit

Ålesundspolitet på uvant oppdrag. Geit beita i rundkjøring på Moa.