- I løpet av natta har ukjende tatt seg inn hos ein minkoppdrettar på Øye og stole eit større antall minkskinn, opplyser operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck i Sunnmøre politidistrikt.

Saka blir etterforska av Ørsta lensmannskontor. Oppdrettaren som har mist skinn vil laurdag kveld ikkje stå fram med namn.

Organisert

Det skal vere snakk om rundt 300 minkskinn. Svein Arne Øye er ein av dei andre minkoppdrettarane i Norangsdalen.

- Eg reknar med det er godt organiserte  bandar. Dette er utstrakt i Danmark, og det har kome også til Norge. Vi veit at skinna er lett omsetteleg i til dømes dei baltiske landa, Polen og Russland. Så dette kan vere eit bestillingstjuveri på varer som skal austover, utan at vi veit det sikkert, seier Øye til smp.no.

Dette er første gong minkskinn er stole i Norangsdalen.

Tingvoll

- Tidlegare i veka fekk eg melding om at det var stole skinn på Tingvoll, seier Øye. - Det ser ut som at dette har blitt meir vanleg i Norge dei seinare åra. Oppmodinga er jo låsing og alt slikt, seier Øye.

- Kva trur du er verdien av dei rundt300 minkskinna som er stolne?

- Det er vanskeleg å seie, sidan det ikkje var hos meg, men kanskje 150.000 kroner.

Har du tips i saka? SMS/MMS til 95 400 400 eller epost til 95400400@smp.no