Ein skiløpar arbeider seg innover Gullmorbreen i hjartet av Hjørundfjordfjella. Rundt han ein krans av kvasse tindar. Og i månelyset kan Slogen skimtast i det fjerne.

Idyllen er fanga opp at Håvard Myklebust. 21-åringen frå Bjørke er ivrig skiløpar - og ivrig hobbyfotograf.

– Eg har alltid gått mykje i fjellet, og for fire år sidan byrja eg å fotografere på turane. Det gjer eg for å dokumentere, slik at andre kan få glede av det, seier Håvard Myklebust.

Konkurranse-seier

Bileta dokumenterer også at han har talent for fotografering. Han har vunne Mental Helse si fotokonkurranse, og han kom til topps då bladet Friluftsliv kåra det beste friluftsbiletet. Premien var førstesida på jubileumsnummeret.

Denne gongen er det altså Sunnmørsposten sine lesarar som får glede av bileta hans - som alle er tatt i år.

Han legg og ut bilete på si heimeside: Fjellfotografen.net.

– Eg reknar meg som sjølvlært, og likar å gjere ting på min eigen måte, seier 21-åringen, som studerer til byggingeniør i Ålesund og bur i Volda.

Lang sesong

For skientusiasten Håvard Myklebust er sesongen godt i gang. Han har alt har vore på rundt 20 skiturar sidan den første snøen la seg i slutten av oktober.

Og då var ikkje sommarpausen særleg lang.

– Siste skituren i sommar var ein tur på Slogen 8. august. Det er ikkje langt unna at vi kan halde det gåande året rundt, men det gjeld å ikkje bli lei, seier han.

Oktober baud på nysnø og gode forhold i nokre dagar. Så smelta snøen – og kulda sette inn. Det har ikkje hindra Håvard og hans kompisar i å gå på ski.

– Turen som nokre av bileta er frå gjekk til Grøtdalstindane i Bondalen. Vi bar skia om lag 15 minutt frå sætervegen. I dalen vi gjekk var skiføret fint. Men eg har også vore på andre fjellturar nyleg der snøen var i hardaste laget. Då kan det vere fint å bruke stegjarn, seier Myklebust.

Medbrakt lys

At dagane er korte er heller inga hindring.

– Vi har hovudlykter som er lyssterke og veldig gode, seier han.

Så dersom noko ser lysglimt i fjellet på kveldstid kan det vare Håvard Myklebust som er ut på ski - og fotojakt.

– Det hender at folk vert urolege når dei ser at det lyser oppe i fjellet, og det vert av og til reist spørsmål ved om vi veit kva vi styrer med. Men eg kan forsikre om at vi har med naudsynt utstyr til ei natt ute, og i det heile tatt; ekstra, kle, folie, førstehjelpsutstyr og mat/drikke. Vi går mykje på fjellet året rund.

– Vi er unge, ja, men har vore på mange tøffe turar i alt slags vær. Vi som er der oppe i fjellet har ei anna oppfatning av situasjonen enn det folk har heime frå stovevindauga sine. Det er likevel godt å vite at folk er bekymra og bryr seg, seier Håvard Myklebust.