I 2009 var kommunane pålagde å lage energiplanar. Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda, saman med Hornindal gjekk i lag om felles utarbeiding av klimaplanar. Enova støtta samarbeidet og Møreforsking hadde prosjektleiinga.

No ved nyttår var prosjektperiode ute, og kommunane kan gle seg over lågare straumrekningar.

Femten prosent

Geirmund Dvergsdal frå Møreforsking fortel at dei åtte kommunane har nådd målet om å kutte talet på brukte kilowatt med femten prosent. Kommunane bruker no 9,1 gigawatt mindre straum enn før. Med ein enkel tommelfingerregel på at ein kilowatt kostar ei krone, så betyr det ni millionar innsparte kroner.

For å oppnå dette har kommunane gått gjennom det dei har av bygningsmasse og sett på korleis ein mest effektivt kan spare straum.

– Mellom anna har ein del oljekjelar vorte bytta ut med varmepumper, fortel Dvergsdal.

Det er også sett inn nye vindauge, isolert og teke i bruk system som styrer varmen i husa dit han skal vere når han trengst.

– Og så har folk rett og slett vorte flinkare til å slå av lyset. Til saman har kommunane investert 30 millionar kroner på energisparing og energistyring.

– Det kostar, men etter nokre år er det verd det. Det har ein relativt kort horisont på å tene det inn att. Og no sparer dei ni millionar kroner kvart år framover. Dette er veldig god butikk.

Geirmund Dvergsdal ein fort kjem på pluss-sida økonomisk.

– Og klimamessig er ein på pluss frå dag ein.

Engasjerte kommunar

Dvergsdal rosar kommunane sin innsats der dei har gått i lag for å finne ut korleis dei best muleg kan løyse utfordringane.

– Og så har dei sett i verk tiltaka og delt erfaringane i nettverket. Kommunane har vist vilje, interesse, sett i gang og brukt planane.

Gjennom å gjere dette arbeidet i lag har ein også spart pengar på kompetanseinnhenting. I staden for at kvar kommune skulle hente seg ein ekspert, har kompetansen kome til åtte kommunar i lag.

– Vi får tilbakemeldingar på at dette er noko av det mest nyttige kommunane har vore med på.

Ut til fleire

Prosjektet er no over, men kommunane diskuterer no internt korleis dei kan jobbe med klimaplanane framover, for der kan vere meir å hente.

Ein annan del av klimaplanarbeidet har vore å få energisparetankegangen ut til heile kommunesamfunnet og ikkje berre kommuneorganisasjonen. Ein del av det har vore energispareprosjekt i barneskulen.

– Planen er at det skal bli ei årleg satsing med energisparekonkurransar i skulen. Slik bygger ein kunnskap hos barn og skaper gode haldningar.

Les fleire nyheiter frå Søre på smp.noLes fleire nyheiter frå Indre på smp.no