Dette seier ei skjelven storesyster Ann Britt Våge Fannemel, etter at broren Bjarne Våge så vidt kom seg i sikkerheit.

Bjarne Våge (58) er Statoil-tilsett og busett på Sandnes utanfor Stavanger med kone og vaksne born.

Familien, med foreldre og to systrer heime i Volda fekk sjokkmeldinga i går føremiddag, om at sonen og broren var direkte involvet i gisseldramaet i Algerie.

Blei oppdaga

Først på ettermiddagen ein gong kom gladmedlinga om at Bjarne Våge var mellom dei fire som lukkast med å kome seg i sikkerheit.

Gisseltakarane skal ha oppdaga flukta og vore like i hælande på dei fire, har familien heime i Volda fått opplyst.

Les også: Måtte flykte fra uroenDirekte: Følg vår liveblogg her

På veg heim

– At Bjarne kom seg unna er berre fantastisk, seier storesyster Ann Britt Våge (59). Ho karakteriserer broren som ein roleg og sindig kar.

Familien har no fått stadfesta at han er på veg heim til Norge, men veit førebels ikkje meir.

Ifølgje nyheitsbyrået AFP skal 15 utlendingar som har vore haldne som gislar på eit gassanlegg i Algerie, ha unnsluppe frå gisseltakarane. AFP siterer ein algerisk TV-kanal på desse opplysningane.

Les også: 15 utlendinger skal har rømt i Algerie

Levd i tøff uvisse

Ann Britt Våge Fannemel seier ho no tenkjer mykje på dei mange som ikkje kom seg unna, og som sit fast i gisseltakarane sitt grep.

Ikkje minst foreldra Aksel og Åse Våge i Volda har levd i tøff spenning etter meldinga om at sonen var involvert i gisselaksjonen.

– Vi visste at det var akkurat der på dette anlegget Bjarne var stasjonert, og vi vart frykteleg urolege. Det heile var uverkeleg, eit sjokk.

– Dette slo ned som lyn frå klar himmel, og vi ante ikkje kva som kunne ha skjedd, fortel Åse Våge til smp.no.

Nær ved å bli fanga

Det er svigerdottera, altså kona til Bjarne Våge, som har hatt den direkte kontakten med oljeselskapet og myndigheitene, etterkvart som gisseldramaet har utvikla seg.

Førebels siste melding er at Bjarne Våge alt er undervegs heim til Norge, etter det han skal ha opplevd som ein situasjon der han var svært nær å bli fanga inne på anleggsområdet.

Bjarne Våge er fødd og oppvaksen i Volda, der han også var busett  fram til borna til familien kom i skulealder. Han har også ei veslesyster heime i Volda, Hild Våge. Bjarne Våge har jobba i fleire selskap, og fleire periodar i Statoil.

Statoil Norge sitt hovudkontor på Forus i Stavanger kommune, torsdag. Foto: Kent Skibstad / NTB scanpix