Sjåføren av vogntoget som mista tre konteinere i Lotetunnelen i desember i fjor, er ilagt bot og må klare seg utan førarkort i ni månader. Bota er sett til 10.000 kroner.

Høgden i tunnelen er skilta til 4 meter, men med konteinarane bakpå tok lasta oppi tunneltaket og falt av. Det førte til at tunnelen på E39 sør for Eid var stengt i om lag fire og ein halv time.

Les også: Mista konteinere i tunnel

Retts og påtaleeininga ved Sogn og Fjordane politidistrikt meiner sjåføren køyrde uaktsomt i tillegg til at han braut skiltforskriftene.

Sjåføren, som køyrde for eit firma som held til i Ålesund, har forklart at han køyrde sentrisk før uhellet skjedde. Men då han møtte ein bil måtte han legge seg ut til sida, og uhellet var eit faktum.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no