Det er sett av to heile dagar i Søre Sunnmøre tingrett i Volda til denne spesielle saka.

Saka har sitt opphav frå 2008, då Ørsta kommune vedtok to alternative seniorpolitiske tiltak, gjeldande for tilsette over 62 år. Dei to tiltaka gav valet mellom redusert arbeidstid med ein dag fri i veka på uendra løn, eller ein auke i årsløna med 15.000 kr.

I begge tilfelle plikta arbeidstakaren seg til å seie frå seg retten til avtalefesta pensjon (AFP) det komande året.

Oppheva

To år seinare, i 2011, starta rabalderet. Då hadde den nye økonomiske kvardagen i Ørsta teke til å gå opp for politikarane, og kommunestyret vedtok å oppheve nokre av punkta i den seniorpolitiske planen. Mange arbeidstakarar hadde nytta seg av avtalane, som vart sagt opp med seks månaders varsel.

Dette fekk organisasjonane til å steile.

Nito og Delta gjekk seinare inn i eit forlik for sine medlemmer, men Fagforbundet har valt å køyre saka heilt til endes .

Følg smp.no på Facebook

Leggje til rette

Fagforbundet har 21 medlemmer som er ramma av konflikten med arbeidskjøparen Ørsta kommune. For ni av dei gjeld avtalen tilbodet om lønstillegg, for dei tolv andre er det snakk om avtalen med ein dag fri i veka.

Utgangspunktet for kommunen sitt første vedtak i 2008, var å leggje best muleg til rette for dei eldste arbeidstakarane for å få dei til å stå lenger i arbeid. I debatten i forkant var desse arbeidarane peika på som ein stor og viktig ressurs for kommunen.

Avtalerettsleg

Saka kokar no i alle fall ned til at Fagforbundet meiner opphevingsvedtaket i kommunestyret er ugyldig.

I eit intervju Sunnmørsposten gjorde dd i 2012med hovudtillitsvald Hild Våge og Alf Mo, ein av dei impliserte, hevda dei begge at tilbodet om seniortiltaka er avtalerettslege.

Dei viste mellom anna til at det i det minste skulle vore gjennomført forhandlingar dersom goda skulle avviklast.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Avviser

Rådmann Wenche Solheim i Ørsta har vore kritisk til at Fagforbundet varsla søksmål berre få dagar før kommunestyret sitt opphevingsvedtak skulle effektuerast. Ho har heile tida hevda at kommunen må ha lov til å sjå også på stillingsreduksjonar, i den pålagde prosessen med å spare inn pengar.

Rådmannen har vidare hevda at dette ikkje har noko med brot på reglane i Arbeidsmiljølova om stillingsvern å gjere, men derimot handlar om eit individuelt tillegg til den einskilde sin arbeidsavtale.

Solheim stadfesta måndag overfor Sunnmørsposten at det så langt ikkje ligg an til forlik i saka, og ho dermed kjem opp for retten i dag som planlagt.

Avviser forlik

Seinast den 7. februar i år vart det lagt på bordet eit skriftleg tilbod om forlik i saka, sett fram gjennom KS-advokat Elisabeth Jordan Ramstad. Forslaget går i grove trekk ut på at dei seniorane som har valt å ta ut 20 prosent fri, søkjer 20 prosent AFP og framleis får ein dag fri. Kommunen dekkjer differansen mellom AFP og vanleg løn. Dei som har valt å ta ut 15.000 kr årleg, får halde fram med dette. Forslaget er avvist. Dette beklagar rådmann Wenche Solheim.

– Vi hadde i det lengst håpa på å kunne løyse dette ved eit forlik. Vi har lite lyst til å møte våre eigne tilsette i retten, seier Solheim til Sunnmørsposten måndag ettermiddag.

Motparten. Ørsta kommune, ved rådmann Wenche Solheim og ordførar Rune Hovde er motpart.