Boka «Skikompis» vart fredag sluppe midt i smørauget i Sunnmørsalpane, på Standalhytta i Ørsta.

Under Kolåstinden og Sætretindane vart boka til Christer Lundberg Nes om snøskred og trygg ferdlse i skifjellet lansert.

I boka har han prøvd å nærme seg førebygging av snøskredulukker på ein ny måte. Tanken var å lage ei praktisk oggodt illustrert bok.

Forfattaren Christer Lundberg Nes har på ein systematisk måteforklart kva og korleis ein ferdast i vinterfjellet etter terrengkvalitetar ogaktivitet. Boka har difor eigne kapittel om ein held på med fjellskiløping, gårtoppturar eller køyrer offpiste, skriv forlaget Selja i ei pressemelding.

Nils Faarlund, som bådenasjonalt og internasjonalt er anerkjend for sitt arbeid med førebygging avulukkar, redning og verdigrunnlag i naturvennleg ferdsel har skrive forordettil boka.

Boka vert utgitt i samarbeid med friluftsrådet for Ålesund og omland.