Aksjonen som vart sett igang, etter at det gjekk eit snøskred på Høgefjellet i Stryn i retning Ytreeidssætra, er no avslutta.

– Det vart observert spor inn i raset, men vi har ikkje informasjon om at nokon er sakna, sa operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no litt før klokka 15.

Luftambulanse var alt framme og eit redningshelikopter var på veg. Samtidig var mannskap frå Norske Redningshunder og Volda og Ørsta Røde Kors Skredgruppe på veg til skredet.

Klokka 15.15 vart aksjonen avslutta:

–  Luftambulansen har no vore inne i området. Ved nærare ettersyn fann denne ikkje spor inn - eller ut av raset, fekk smp.no opplyst ved operasjonssentalen klokka 15.25.

Følg smp.no på Facebook

Politiet fekk melding om skredet klokka 13.57.