Opplysningane kjem fram i eit internt brev frå Vegdirektoratet til Samferdsledepartementet. Brevet er skrive i februar, men gjort offentleg denne veka.

– Dette er interessante og gledelege tal, som forsterkar argumentrekkja vår, seier ordførar Sven Flo i Stryn (H).

Ny metode

Eit offentleg utval tilrår bruk av nye målemetodar for samfunnsøkonomisk analyse av vegprosjekt. Og basert på dette, bad departementet om nye utrekningar for E39.

Den nye målemetoden viser ifølgje brevet at både midtre og indre linje gir større netto nytte enn før rekna med.

Og ikkje minst er netto nytte per budsjettkrone best for indre linje, med Kvivsvegen og bru i Stryn. Dette blant anna fordi denne vegen blir to milliardar kroner billigare enn midtre alternativet, med Stigedalen og bru Anda-Lote.

Tid og rente

Då vegvesenet i 2011 rekna på samfunnsnytte, og tilrådde indre linje, brukte dei 4,5 prosent kalkulasjonsrente og 25 års berekningstid. Konsulentane som kvalitetssikra vegvesenet sitt arbeid, brukte to prosent og 40 år og kom til at midtre linje var best.

– No har vi fått SINTEF til å rekne for oss. Det nye reknestykket er basert på fire prosent rente og 40 år. Og den indre linja var best igjen, opplyser Kjell Kvåle i Statens vegvesen.

Minister

Nasjonal Transportplan gav inga avklaring for traseval, men er tydeleg på at E39 skal rustast opp frå Grodås til Kjøs i Hornindal. Men kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) skal på si side ha gått langt i å love bru Anda-Lote på eit møte på Sandane nyleg.

– Vi har tillit til at ministeren er slik støypt at ho kan endre oppfatning basert på nye opplysningar, seier Svein Sunde som saman med Flo kjempar for det indre stamvegalternativet.

– Eg kan ikkje sjå at det er tunge argument for midtre linje slik denne saka no teiknar seg, legg Flo til.

– Dette handlar vel også mykje om politikk?

– Ja, det er korrekt. Politikk er politikk, og det kan vere andre ting som slår inn. Det handlar om hestehandel. Men politikarane må også ta avgjerder basert på harde fakta, og då er det tydeleg at indre linje må veljast, meiner Flo.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no