Ein 2,5 meter høg paddestatue som er tenkt plassert i Austefjorden i Volda, vart for stor for Vegvesenet. Dei meiner betongpadda kan utgjere ein fare for trafikantane, skriver NRK Møre og Romsdal.

Følg smp.no på Facebook

Paddestatuen skulle etter planen stå ved ein rasteplass ved Kvivsvegen, like ved ein sving og tunnelinngang, men no meiner vegvesenet at begge delar bør plasserast ein annan stad.

– Du ser denne padda veldig godt frå hovudvegen, og det er slik at når du ser noko stort og spennande, så er det naturleg å dreie rattet samme vegen som du dreiar augene, seier overingeniør i Statens vegvesen Kåre Mittet.

Les også: Padder treng meir sikring

Padda som er laga i betong av kunstnaren Robert Steinnes, er tre ganger tre meter i flatemål og to og ein halv meter høg. Paddebestanden i Austefjorden er den som største i Skandinavia, og mellom dei største i Europa.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no